LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Vikariat som førstekonsulent - Fakultet for helse- og sosialvitskap

Søknadsfrist: 08.08.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelt på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialfag, ingeniør- og naturfag, lærerutdanning og økonomi, samfunnsfag og maritme studier.

HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 490 tilsette og om lag 4900 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram.


Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.

Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap, administrasjonen, har ledig 100 % vikariat som førstekonsulent

Høgskulen på Vestlandet har ledig vikariat som førstekonsulent knytt til personal og lønn ved Fakultet for helse- og sosialvitskap. Arbeidsoppgåvene skal løysast i nært samarbeid med administrativt team med tilsvarande ansvarsområde i HVL.

Arbeidsstad vil vere enten campus Førde, Bergen, Sogndal, Stord eller Haugesund. Vikariatet gjeld for perioden 01.09.2021 til 31.07.2022

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Stillinga vil ha ansvar for personaladministrative oppgåver knytt til timelæraravtalar, variabel løn, reise- og utgiftsrefusjon for fakultet for helse- og sosialvitskap.
  • Generelle rutineoppgåver knytt til HMS/IA
  • Andre administrative oppgåver knytt til dagleg drift kan òg bli lagt til stillinga
  • Økonomioppgåver

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Relevant høgare utdanning på bachelornivå
  • Erfaring frå administrativt arbeid
  • Gode IKT-kunnskapar

Personlege eigenskapar:

Vi ønskjer søkjarar som er:

  • serviceinnstilt
  • har evne til å arbeid systematisk og sjølvstendig, er gode på å samarbeide og som kan ivareta gode kommunikasjonslinjer på tvers av organisatoriske og faglege skilje.
  • effektive og som kan vere med å effektivisere og utvikle rutiner der det er nødvendig.
  • som har god vurderingsevne og som trivast i eit hektisk miljø
  • som har forståing for servicerolla og støttefunksjonen for den faglege verksemda

Ved vurdering av den best kvalifiserte søkjaren, vert det lagt vekt på utdanning, erfaring og personleg eignaheit, i tillegg til motivasjon for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førstekonsulent er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1408 - førstekonsulent.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrid 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Administrasjonssjef Trude Engebretsene-post trude.engebretsen@hvl.no tlf 55 58 78 86

Søk stilling

Powered by Labrador CMS