LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Seniorkonsulent i praksisadministrasjonen (Fast stilling)

Søknadsfrist: 25.05.2022

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er en av de største høgskolene i landet, med om lag 1 800 ansatte og 16 000 studenter fordelt på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innen helse- og sosialfag, ingeniør- og naturfag, lærerutdanning og økonomi, samfunnsfag og maritme studier.

HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanninger.

HVL skal være tett på arbeidslivet, regionen og studentene, og har ambisjoner om å bli et universitet med profesjons- og arbeidslivsrettet profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 490 tilsette og om lag 4900 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram.


Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.

Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap har ledig ei fast stilling i 100 % som seniorkonsulent i praksisadministrasjonen

Om stillinga:

Stillinga er ein del av fakultetet sin studieadministrasjon. Praksiskoordinatorane koordinerast av gruppeleiar for praksisadministrasjonen. Personalansvaret er lagt til studieadministrativ leiar. Praksisadministrasjonen på fakultetet er lokalisert på fleire campus, i nært samarbeid med kvarandre, studierettleiarane, kvalitetsrådgjevar, felles administrasjonen, fagpersonar og praksisfelt.

Stillinga er knytt til praksisadministrasjonen som koordinera praksis for studentar ved bachelor i sjukepleie, uavhengig av campus.

Stillinga er ledig med oppstart i august.

Arbeidsstaden er campus Sogndal, Stord, Haugesund, Førde eller Bergen.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Den som blir tilsett må kunne utføre koordineringsarbeid, sakshandsaming, utgreiingsarbeid, og/eller andre oppgåver som føreset stor grad av sjølvstende, analytisk kompetanse og evne til problemløysing.

Aktuelle arbeidsoppgåver kan vere:

  • Innhenting og fordeling av praksisplassar
  • Kommunikasjon og informasjonsflyt mot studentar, studierettleiarar, vitskapleg tilsette og praksisfeltet
  • Sakshandsaming av studentsaker
  • Kvalitetssikre praksisomtale i studieprogram i tråd med gjeldande forskrifter
  • Enkle utviklingsoppgåver

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Relevant høgare utdanning på bachelor- eller masternivå.
  • Relevant erfaring frå forvalting og sakshandsaming
  • God IKT-kunnskap
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Lang og relevant erfaring/realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå praksisfeltet eller praksisadministrasjon
  • Kjennskap til bachelorutdanninga i sjukepleie
  • Kjennskap til undervisningmodulen i FS

Personlege eigenskapar:

  • Strukturert og sjølvstendig
  • God til å koordinere og planlegge eige arbeid
  • Gjennomføringsevne og løysingsorientering
  • Gode evner til kommunikasjon og samhandling
  • Positiv og gode samarbeidsevner
  • Motivasjon og personleg eignaheit vert tillagd stor betydning

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som studierettleiar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1363 - seniorkonsulent.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Studieadministrativ leiar Hilde Kristin Tveit, tlf 55 58 55 01, e-post [email protected]

Søk stilling

Powered by Labrador CMS