LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / førstelektor i høgskulepedagogikk

Søknadsfrist: 26.12.2021

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Eining for utvikling av læring og undervisning (ALU) har ansvar for høgskulens UH-pedagogiske arbeid. Ansvarsfeltet favner utdanningsfagleg kompetanse der fagdidaktikk og digitale arbeids- og læringsformer er viktige komponentar. ALU har ansvar for at høgskulen har eit solid tilbod til tilsette innanfor UH-pedagogikk, gjev støtte til digitale arbeids- og læringsformer og tilrettelegjer for sterke fagdidaktiske miljø i høgskulens utdanningstilbod. ALU deltar og aktivt i HVL’s forsking på eigne utdanningar

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig en fast stilling i 100% som førsteamanuensis/førstelektor ved Avdeling for utvikling av læring og undervisning

Stillinga inngår i einingas kjernestab og vil ha kontor ved eit av våre fem campus i Bergen, Stord, Haugesund, Sogndal eller Førde. Det må påreknast noko reising.

Fagområdet for stillinga er universitets- og høgskulepedagogikk. Dette vil mellom anna innebere ulike aktivitetar knytt til nytt meritterings- og kvalifiseringssystem, systematisk arbeid med utdanningskvalitet og strategiske søknadar m.a. i samband med utlysning av status som Senter for framifrå undervisning (SFU). Den som vert tilsett vil både undervise, rettleie og forske innanfor fagområdet.

Ansvars- og arbeidsområde:

Som førsteamanuensis/førstlektor vil du bidra på alle områder i det høgskulepedagogiske arbeidet ved eininga. Det tyder at du vil vere med på å planlegge, gjennomføre og vurdere HVL sitt utviklingsprogram i høgskulepedagogikk og didaktikk og i utvikling av undervisningsmetodar som gjer bruk av digitale verktøy som fremmer læring.

Stillinga har vidare følgande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervise og rettleie i tråd med krav i relevante styringsdokumenter og HVL sin strategi.
  • Bidra i avdelingas daglege drift.
  • Forsking- og utviklingsarbeid med klar relevans for den samla utdanningsfaglege kompetansen HVL.
  • Institusjonsbyggjande arbeid som å rettleie tilsette, fagadministrative oppgåver og samhandling med eksterne partnarar.
  • Delta i utvikling av forskingsprosjekt og utarbeide søknader om ekstern finansiering samen med kollegaer i fagmiljøa.

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger

For fast tilsetjing som førsteamanuensis må søkjar ha avlagt doktorgrad i pedagogikk med særlig relevans for høyere utdanning. For tilsetjing som førstelektor må søkjar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav.

For stilling som førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med kriteriar for utdanningsfagleg basiskompetanse ved tilsetting og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL .

Vi søker etter en førsteamanuensis/førstelektor med doktorgrad eller tilsvarande kompetanse innanfor universitets og høgskulepedagogikk.

Vidare ser vi etter følgande dokumenterte kvalifikasjonar:

  • Pedagogisk og didaktisk kompetanse knytt til høgare utdanning.
  • Forståing for høgskuleutdanningas tyding og utfordringar i ei nasjonal og internasjonal samanheng.
  • Gode kommunikasjonsferdigheter herunder gode og varierte formidlingsstrategiar.
  • Oppdatert kunnskap om nasjonal og internasjonal forsking om undervisning, læring og høgare utdanning.
  • Høg kompetanse i bruk av digitale verktøy.
  • Forskingserfaring.

Ønskte kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå relevante arbeidsoppgåver, forskings- og utviklingsprosjekt, herunder erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet.
  • Erfaring med utvikling og bruk av varierte læringsmetodar og digitale verktøy i undervisninga.
  • Trives med å samarbeide gjennom digitale flater.

Personlege eigenskapar:

  • Ei reflektert og bevisst haldning til eigen undervisnings- og rettleiingsverksemd.
  • Evne til å involvere og engasjere kollegaer i undervisning der utdanningsmål, innhald og vurderingssituasjonar heng nøye saman.
  • Høg arbeidskapasitet, er nysgjerrig og motivert for å utvikle ny kunnskap saman med andre.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga er større enn 50 MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje.

Søknadane blir sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
  • Moglegheit for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - førsteamanuensis og 1198 - førstelektor.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Avdelingsleiar for Avdeling for utvikling av læring og undervisnin, Anne Kristin Rønsen, tlf. 53 49 13 30.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS