LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I STAVANGER

Serviceanalytikar med teknisk hovud og hjarte for menneske

Søknadsfrist: 16.04.2021

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 1.900 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha en innovativ og internasjonal profil og vera ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområde.


I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Vi er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar. Stavangerregionen har et dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.

Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfta blikket, og våga å tenke stort og nytt - vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.

Om stillinga

Universitetet i Stavanger har ledig stilling som serviceanalytikar til IT-servicedesk. Stillinga er lagt til IT-avdelinga, Seksjon for kundestøtte.

Seksjon for kundestøtte er IT-avdelinga si førstelinje og felles kontaktpunkt for alle studentar og tilsette ved universitetet. Seksjonen gjev støtte og opplæring i bruk av IT-system, og utstyr. For tenestene utskrift og AV vil det i mange tilfelle være aktuelt å møte ute på campus for å rettleie i bruk av utstyret, eller feilsøke. Vi har i dag om lag 140 multifunksjonsmaskiner og 250 undervisnings- og møterom som skal haldast ved like. Det kan på sikt og verta aktuelt at serviceanalytikar inngår i vaktordning.

Hovudoppgåver

  • ansvar for tenesta utskrift og skanning
  • gje støtte til studentar og tilsette via e-post, telefon, fjernstyring, oppmøte i skranke eller ute på campus
  • handtere mottak og levering på bestillingar
  • feilsøking og feilretting på IKT-, skrivar- og AV-utstyr og programvare
  • ha kontakt med leverandørar for utskrift- og AV-systema
  • utarbeida og halda ved like dokumentasjon
  • utarbeida og halda ved like rettleiingar for brukarane av systema

Ønskte kvalifikasjonar

  • høgare utdanning innanfor informasjonsteknologi, IKT-servicefag eller liknande. Særskilt relevant erfaring eller fagbrev kan óg være aktuelt.
  • god kjennskap til Windows operativsystem, Mac OS, iOS og Android
  • god kjennskap til Microsoft365, Active Directory, Intune
  • erfaring med å arbeide i sakshandsaming-system, UiS nyttar ServiceNow.
  • kjennskap til ITIL rammeverket
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • evne til og interesse for å forstå kunde-perspektivet i tenestene du skal væra med å levera
  • høg arbeidskapasitet og evne til å gje ei god kunde-oppleving sjølv om det er stort arbeidspress
  • tar ansvar for eige område, men har og evne til å sjå kollegaer og vilje til å dra lasset i lag med dei
  • nøyaktig og strukturert i arbeidet og med vilje til å følgje prosedyrane knytte til systema våre

Vi tilbyr

  • varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • et ambisiøst arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • lønn som avdelingsingeniør etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.301, kode 1085, kr 450.000 - 550.000 bto pr år. I særskilt tilfelle kan høgare lønn verta vurdert. Frå lønna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
  • meir om godar for tilsette og fordelar på våre nettsider

Mangfald

Universitetet sine verdiar er å vera uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i vårt arbeids- og læringsmiljø, og er opptatt av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn. Universell utforming skal prega våre fysiske og digitale læringsmiljø, og arbeidsplassen vil om nødvendig bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.

Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utafor arbeidslivet ein periode.

Universitetet vil rekruttera fleire kvinner til avdelinga og oppmodar derfor kvinner til å søke. Dersom fleire søkjarar vert vurdert til å ha likeverdige kvalifikasjonar, vil ei kvinne bli prioritert føre ein mann.

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-konsulent Annette Falch Lothe, tlf: 51 83 13 61, e-post: [email protected]

Søknad

Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning, arbeidserfaring og språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram din kompetanse og motivasjon for stillinga.

Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg til søknaden. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman må dei komprimerast før opplasting.

Søknaden vert vurdert ut frå informasjon som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skreve om over.

Vi gjer òg merksame på at opplysningar om søkjar kan verta offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å verta oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25. Dersom ditt ønskje ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.

UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS