Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 1 800 tilsette. Vi er medlem av European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha ein innovativ og internasjonal profil og vere ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet.
Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.
Om stillinga
Universitetet i Stavanger søker etter serviceanalytikar til IT-avdelinga sin servicedesk. Servicedesken er avdelingas fyrstelinje og felles kontaktpunkt for studentar og tilsette. Den som vert tilsett vil ha ansvar for brukarstøtte og rettleiing, vedlikehald og utvikling av informasjon til tilsette og studentar, samt handtering av bestillingar/leveransar. Det kan òg bli behov for at den som vert tilsett bidrar innanfor andre område/prosjekt.
Seksjonsleiar for kundestøtte er nærmaste leiar for serviceanalytikar.
Hovudoppgåver
gi brukarstøtte via e-post, skranke, telefon, chat og fjernstyring
gjera mottak og handtering av bestillingar
gi kundestøtte på utskrift, audio/video tenester og samhandlingstenester
gi opplæring/rettleiing til brukarar
utføra vedlikehald og feilrettingar på programvare og system
Kvalifikasjonar
Den som vert tilsett må ha:
relevant utdanning, fortrinnsvis på bachelornivå. Særskild relevant erfaring kan kompensera for utdanningskravet.
relevant erfaring
god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Det er ønskeleg at den som vert tilsett òg har erfaring med:
Windows operativsystem, og dessutan Mac OS, iOS, Android
Office-pakken og Microsoft365
Active Directory
ServiceNow
Fjernstyringsverktøy, vi nyttar Bomgar og Dameware
ITIL-rammeverket
Vidare blir det lagt vekt på at den som vert tilsett:
tar initiativ og bidrar til innovasjon og utvikling av system og driftsformer
er serviceinnstilt, fleksibel og imøtekommande
har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
er sjølvstendig, effektiv og strukturert
er proaktiv, resultatorientert og tar ansvar for gjennomføring av gode arbeidsprosessar
Mangfald
Universitetet sine verdiar er å vera uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i vårt arbeids- og læringsmiljø, og er opptatt av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn. Universell utforming skal prega våre fysiske og digitale læringsmiljø, og arbeidsplassen vil om nødvendig bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.
Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utanfor arbeidslivet ein periode.
Vi tilbyr
varierte arbeidsoppgåver i ein stor, spennande og samfunnsviktig organisasjon
eit ambisiøst arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
lønn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.301, kode 1085, kr 450 000 - 550 000 bto pr år. I særskilde tilfelle kan høgare lønn vurderast.
Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-konsulent Rosa Andrade, tlf: +47 51 83 11 91, e-post: rosa.c.andrade@uis.no.
Søknad
Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert søknad og CV med relevant utdanning og arbeidserfaring registrert.
Relevante vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til skal lastast opp som vedlegg til søknaden. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman må dei komprimerast før opplasting. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Opplysningar og dokumentasjon som det skal tas omsyn til ved vurdering må vere registrert i JobbNorge innan utløpet av søknadsfristen.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkar kan bli offentleggjort sjølv om søkar har bedt om ikkje å bli oppført på offentleg søkarliste, jf offentleglova § 25.
UiS vurderer berre søknader og vedlegg registrert i JobbNorge.