LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Avdelingsingeniør - Avdeling for organisasjonsutvikling og digitalisering

Søknadsfrist: 27.05.2022

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Avdeling for organisasjonsutvikling og digitalisering er plassert organisasjonsdirektøren si linje.


Eininga har i dag om lag 50 tilsette, med IT som det klart største tenesteområdet.

I tillegg har vi ansvar for organisasjonsutvikling, leiarutvikling og dokumentforvaltning. Vi skal både hjelpe fageiningane direkte, og indirekte via utvikling av effektive administrative arbeidsformer. Sentralt i dette står arbeidet med å utvikle digitale løysingar knytt til alle våre oppgåver. Omstillingsarbeid er også i stor grad organisasjonskulturarbeid. Eininga har dette som særleg fagleg ansvar, og driv omfattande utvikling av leiarar og leiing.

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for organisasjonsutvikling og digitalisering har en ledig 100% stilling som avdelingsingeniør.

Om stillinga:

50% av arbeidstiden vil bli øremerka til teknisk støtte til HVLs simuleringslab i Haugesund og på Stord. Simuleringslaben brukar mellom anna SimArena og SimCapture, og arbeidet skjer i nært samarbeid med HVLs avdeling for helse- og omsorgsfag.50% av arbeidstida vert disponert av IT til brukarstøtte IT, prosjektdeltaking og andre IT-oppgåver.

Stillinga kan bli tillagt andre oppgåver, både på IT og på avdeling for helse- og omsorgsfag.

Ansvars- og arbeidsoppgåvar:

  • Brukarstøtte, drift, vedlikehald og oppdateringar av tekniske system på avdelinga.
  • Følgje opp service- og vedlikehaldsoppgåver og avtalar.
  • Dialog med leverandørar.
  • Teknisk støtte i undervising.
  • Utarbeide brukarrettleiingar.
  • Opplæring av tilsette.
  • Ta del i innførings- og endringsprosjekt

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Det krevst minimum fagbrev i IT servicefag, dataelelektronikarfaget eller eit anna relevant fag.
  • Søkjar må kunne dokumentere relevant erfaring.
  • Stillinga krev gode kunnskapar i fag-/ansvarsområdet. Dette kan være anten særleg relevant erfaring eller høgare utdanning innafor fagområdet.
  • Førarkort klasse B.

Du blir innplasert som Tekniker stillingskode 1091 eller Avdelingsingeniør stillingskode 1085 avhenging av erfaring og formlle kvalifikasjonar.

Personlege eigenskapar:

Den som blir tilsett må vera:

  • Effektiv.
  • Resultatorientert.
  • Systematisk og ha evner til kommunikasjon, samhandling og til å byggja tillit og skapa gode relasjonar innafor og utafor høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som Avdelingsingeniør er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1085.

Stillinga som Tekniker er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1091.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Nestleiar: Idar Magne Flemmen, telefon: +47 52 70 21 26

2) IT koordinatør: Mads Stange, telefon: +47 46 89 03 63

Søk stilling

Powered by Labrador CMS