Vitskapleg assistent - Senter for klima og energiomstilling (CET)
Søknadsfrist: 28.02.2021
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Vitskapleg assistent 100% i to år ved Senter for klima og energiomstilling (CET)
Ved Senter for klima og energiomstilling (CET), Universitet i Bergen, er det ledig ei stilling som vitskapleg assistent i 100% stilling i to år. Stillinga er knytt til forskingsprosjektet «Visionary nature-based actions for health, wellbeing & resilience in cities (VARCITIES)”, som er finansiert av EU Horizon 2020 utlysning: Greening the economy in line with the Sustainable Development Goals (SDGs).
VARCITIES er eit tverrfagleg innovasjonsprosjekt med fokus på samarbeid mellom forsking og praksis. Bergen kommune er ein sentral aktør i prosjektet, gjennom sitt byutviklingsprosjekt ved Store Lungårdsvann. Mer informasjon om prosjektet her. CET ser på kva slags rolle medverking har i byutviklingsprosjekt, og korleis nyskapande medverkingsprosessar kan skape betre byutvikling. Andre forskarar frå UiB, til dømes frå Det juridiske fakultet, er og med i prosjektet.
Den vitskaplege assistenten vil utføre forsking i prosjektet, og arbeide i skjeringspunktet mellom universitetet, kommunen og andre aktørar. Ho eller han vil bli ein del av CET, eit tverrfagleg og dynamisk forskingssenter basert på Det samfunnsvitskapeleg fakultet.
Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den vitskaplege staben i deira undervisnings- or forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode. Samla tilsetjingstid kan ikkje overstige to år.
Arbeidsoppgåver:
Kvalitativ datainnsamling
Deltaking i formidling av forskingsresultata
Administrative oppgåver i prosjektet og støttefunksjon til forskarar
Bidra til å rapportere frå prosjektet til oppdragsgjevar (EU)
Arrangere og gjennomføre seminar, møter og workshops.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Mastergrad i samfunnsvitskap. Søkjarar som fullfører mastergrad innan utgangen i juni kan søkje.
Erfaring med kvalitative metodar er eit krav
Erfaring med forsking på klimaomstilling, planlegging, offentleg forvaltning og berekraft er ei føremon
Kunnskap, og interesse om klima, medverking, omstilling er ei føremon
Særs gode språkkunnskap i engelsk og norsk, munnleg og skriftleg
Sosial og fleksibel
Arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Løn etter lønssteg 51 ved tilsetjing (Lpl.17.515/ 1020). For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. (Ved tilsetjing utan mastergrad vil løn vere etter lønssteg 47 (Lpl.17.515/1019)).
Stilling i ei inkluderande arbeidslivverksemd (IA-verksemd)
Ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
CV
Vitnemål og attestar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Senterleder, professor Håvard Haarstad, e-post: Havard.Haarstad@uib.no , 55 58 45 81 (kontor) og 93 44 77 27 (mobil)
Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettes til rådgivar Bodil Hægland, e-post: bodil.hagland@uib.no.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.