LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Vitskapleg assistent - Institutt for sosialantropolog

Søknadsfrist: 16.12.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vitenskapeleg assistent

Ved Institutt for sosialantropolog, Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som vitskapleg assistent i 100% stilling for ein periode på 1,5 år. 75% av arbeidsoppgåvene er knytte til NFR-prosjektet «Automation shift in the maritime sector of the offshore oil and gas industry: assessing risk and safety, protecting labor» (ASMOG). 25% av arbeidsoppgåvene er til assistanse for instituttleiar.

Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den vitskaplege staben i deira undervisnings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode. Samla tilsetjingstid kan ikkje overstige to år.

Arbeidsoppgåver:

  • Gi administrativ støtte ved arrangement (workshop, webinar, lesegruppe).
  • Opprette og oppdatere heimeside for prosjektet samt lage presentasjonar og informasjonsmateriell.
  • Innhente relevant litteratur og skrive kortfatta litteraturoversikter.
  • Koordinering av samarbeid mellom prosjektpartnarar og andre aktørar.
  • Skrive nyhendeoppdateringar frå prosjektet, hjelpe med NFR-rapportering, arkivering, data-handtering/prosedyrar og administrere arbeid med publikasjonar.
  • Oppgåver knytte til instituttet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad i sosialantropologi eller andre relevante fagområde, som geografi, samfunnsøkonomi, psykologi, sosiologi, statsvitskap, administrasjonsvitskap; med karakteren B eller betre, gjerne med kjennskap til tekniske fag/erfaring frå industri.
  • Gode språkkunnskapar i både norsk og engelsk, munnleg og skriftleg.
  • God administrativ ITK– kunnskap og dugleik.

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert.
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Strukturert og kreativ
  • Moglegheit til å reise innanfor Norge

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 51 tilsvarande 468 300 kr for personar med mastergrad ved tilsetjing (Lpl.17.515/ 1020). For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk i JobbNorge. (via link på denne sida ”Søk på jobben”.)

Søknadsfrist: 16. desember 2021.

Søknaden skal merkast 21/18050

Det vil vere aktuelt med intervju før tilsetjing.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • cecilie.odegaard@uib.no (professor, Cecilie Vindal Ødegaard, 55 58 92 71) eller
  • marianna.betti@uib.no (førsteamanuensis, Marianna Betti, 55 58 92 44)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med nedsett funksjonsevne og innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på jobben

Powered by Labrador CMS