Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Seniorkonsulent (prosjektøkonom) - Det humanistiske fakultet

Søknadsfrist: 01.06.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent

Økonomiseksjonen ved Det humanistiske fakultet treng ein dyktig og motivert prosjektøkonom så snart som mogeleg. Fakultetet ønskjer å auke aktiviteten dei neste åra gjennom vekst i eksternfinansierte prosjekt. Prosjekta er stort sett innan forsking og undervisning, men er òg knytt til andre oppdrag innan utdannings- eller opplæringssektoren. Dei største finansieringskjeldene er Noregs Forskingsråd og EU-kommisjonen.

Prosjektøkonomen vert ein del av ein seksjon på fakultetsnivå med 11 tilsette. Økonomiseksjonen har ansvar for alle oppgåver innan økonomifeltet: totaløkonomi for institutta (grunnløyving og eksternfinansiert verksemd), prosjektøkonomi og driftsoppgåver for heile fakultetet med fire institutt og to sentre.

Arbeidsoppgåver:

Prosjektøkonomen vil følgje sine prosjekt frå A til Å, frå søknadsarbeid til oppstart, oppfølging og avslutning. I alle desse fasane er det svært viktig å forstå og forklare verknaden prosjekta har på grunnløyvinga og totaløkonomien, og å ha eit overordna blikk på porteføljen i samband med budsjettering og rapportering.

Eksempel på arbeidsoppgåver:

  • Støtte prosjektleiar i søknadsfasen ved å lage prosjektbudsjett i Excel og diverse søknadsportalar. Berekne framtidige effektar på totaløkonomien og formidle dette til institutt- og fakultetsleiing.
  • Opprette og avslutte prosjekt i gjeldande prosjektmodul. Budsjettere og formidle økonomiske konsekvensar for andre delar av økonomien.
  • Følge opp prosjekta i heile levetida og halde dei à jour: jamleg oppfølging mot kontrakt og budsjett, revidering av budsjett når det trengs, bokføre fakturaer og enkelte typar lønskostnader, fakturering, dialog og rapportering til prosjektleiar, finansieringskjelde og institutt/fakultet.
  • Opparbeide særskilt kompetanse om enkelte prosjekttypar og einingar ved fakultetet.
  • Utvikle samarbeidet om eksternfinansiering, både internt på seksjonen, med andre funksjonar og med leiinga.
  • Sikre kvalitet på rutinar for budsjettering og rapportering for eksternfinansierte prosjekt og følgjene på grunnløyvinga. Gjere modellar og rutinar knytt til prosjektarbeid betre.
  • Bidra til andre driftsoppgåver som seksjonen har ansvar for, når det er naudsynt, til dømes kontroll av reiserekningar, honorar og andre utbetalingar, svar på generelle spørsmål frå tilsette i UiBhjelp og andre laupande oppgåver eller analysar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad i økonomiske fag
  • Relevant erfaring
  • God forståing for tal og økonomi
  • Brei røynsle i bruk av Excel og generell IT-/systemkunnskap
  • Evne til å forstå kontraktar og utlysingar for forskingsprosjekt på norsk og engelsk
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på begge målformer, samt engelsk
  • Gode samarbeidsevner og sjølvstende
  • Fleksibilitet, motivasjon og serviceinnstilling

I vurderinga av søkjarane blir det lagt stor vekt på dei personlege kvalifikasjonane som trengst i stillinga.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, utforandre arbeidsoppgåver og høve til utvikling og kompetanseheving
  • Løn tilsvarande lønssteg 55-60 (kode 1363 seniorkonsulent) i statens regulativ, for tida kr. 487 600 – 531 900. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Ei stor kontaktflate i organisasjonen
  • Erfarne kollegaer som deler kunnskap
  • Fleksitid og gode velferdsordningar
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse

Generell informasjon:

Nærare informasjon om stillinga får du ved å vende deg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK STILLINGEN».

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknadsfrist: 01.06.2020

UiB-id: 20/4751

SØK STILLINGEN