Seminarkoordinator (vitenskapelig assistent) - Institutt for økonomi
Søknadsfrist: 21.05.2021
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Vitenskapeleg assistent
Ved Institutt for økonomi, Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som seminarkoordinator/vitskapleg assistent i 20% stilling for ein periode på inntil 2 år. Oppstart er ca. 01.08.2021.
Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den vitskaplege staben i deira undervisnings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode. Samla tilsetjingstid kan ikkje overstige to år.
Arbeidsoppgåver:
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere å assistere faglærarane på bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi med koordinering av gruppeundervisninga, ta del i arbeidet med rekruttering og oppfølging av seminarleiarane og mentorane, informasjonsverksemd overfor studentane ved bruk av Studentportalen/MittUiB samt deltaking i evalueringsarbeid
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Bachelorgrad i samfunnsøkonomi
God språkkunnskap i engelsk og norsk, munnleg og skriftleg
God administrativ IT – kompetanse
Tilknyting og kjennskap til instituttet vert vektlagt
Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Vi tilbyr:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
Løn som vitenskapeleg assistent (Lpl. 17.515/kode 1019) etter lønssteg 35 - 42 i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 364 400 - 398 800.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.