Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om eiendomsavdelinga her.
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Om stillinga:
Universitetet står framfor store bygge- og utviklingsprosjekt og treng høgkompetanse for gjennomføring av prosjekta i alle fasar (tidlegfase, planlegging oggjennomføring av bygge- og rehabiliterings prosjekt). Nokre av dei størstesatsingane er transformasjon og rehabilitering av bygg på Realfagshøyden(Nygårdshøyden sør), nytt Griegakademi, samlokalisering av HF-fakultetet ogrehabilitering av Kulturhistorisk museum.Eigedomsavdelinga ved Prosjektseksjonen har det administrative ansvaretfor planlegging og gjennomføring av nybygg, ombyggingar, rehabilitering ogvedlikehaldsprosjekt, i tillegg også arealkoordinering, miljøkoordinering og interiør.
Prosjektleiar (senioringeniør/overingeniør)Ved Eigedomsavdelinga, Prosjektseksjonen er det ledig 2 faste 100 % stillingar somprosjektleiar. Vi søkjer dyktige prosjektleiarar, helst éin med teknisk kompetanse ogéin med byggfagleg kompetanse. Som byggherrerepresentant vil du somprosjektleiar få ansvar for planlegging og gjennomføring av tverrfaglege nybygg-,ombyggings- og rehabiliteringsprosjekt. Prosjekta har eit vidt spenn, både i omfangog kompleksitet.Med eit ansvar for bygg som spenner frå byvillaer til idrettsanlegg og avansertelaboratoriebygg, tør vi påstå at vi er Bergens mest spennande arbeidsplass for degmed interesse innanfor bygg og bygningsdrift. Hjå oss vil du jobbe med flinkekollegaer med brei og variert kompetanse som spenner om heile fagfeltet.
Arbeidsoppgåver:
Stillinga rapporterer til gruppeleder for byggeprosjektet og vil ha følgjande arbeidsogansvarsområde:
Gjennomføre prosjekter i alle fasar og med ulike gjennomføringsstrategiar ogentrepriseformar
Samhandling med og involvering av ulike brukarar
Gjennomføre innkjøp i samsvar med lov om offentleg anskaffing i samarbeidmed UiBs innkjøpsavdeling
Gjennomføre målretta og gode tilpassa prosessar i dei ulike fasane i prosjekt
Ivareta UiB sine miljøambisjonar
Regelmessig prosjektrapportering i ISY Prosjekt økonomi
Utvikle best praksis gjennom god samhandling i prosjektseksjonen og påtvers i Eiendomsavdelinga
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjaren må ha følgjande kvalifikasjonar:
Utdanning på bachelor- eller masternivå innan bygg, tekniske fag ellertilsvarande. Lang dokumentert relevant erfaring kan kompensere formanglande formell utdanning
Relevant erfaring som prosjektleiar i byggeprosjekt, eller tilsvarande rollermed ansvar for planlegging, koordinering og gjennomføring av bygg- ellertekniske prosjekt
Kompetanse og erfaring innan prosjektstyring og kontraktstyring av ulikerelevante entreprise standardar
God økonomiforståing
Gode kommunikasjonsevner og flytande norskspråkleg både munnleg ogskriftleg
Vi ser det som et føremon at søkjar har:
Relevant fagbrev som eksempel,a) Tekniske fag som: Rørlegger (VVS), Elektriker (elektroinstallasjon),Automatiker, Ventilasjons- og blikkenslager, Kulde- ogvarmepumpemontørb) Byggfag som: Tømrer, Murer, Maler, Betongfagarbeider og Taktekker
Kompetanse innan området universell utforming av bygningar
Kjennskap til offentleg regelverk
Kompetanse innan digitale verktøy, VDC, framdriftsplanlegging og LEAN
Systematisk ferdigstillelse og erfaring i roller som ITB-ansvarlig, ITB-rådgiverog/eller Systemintegrator
Ynskeleg med erfaring innanfor kulturhistoriske og verna bygg
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt og vi seretter ein person som:
Evner å sjå oppgåver i ein større samanheng
Arbeider godt både sjølvstendig og i samarbeid med andre
Viser god gjennomførings- og beslutningsevne
Har driv til å utvikle deg gjennom varierte oppdrag saman med kollega
Ser digitale løysingar som en moglegheit og på ny teknologi mednysgjerrigheit
Vi tilbyr:
Eit ope og triveleg fagmiljø
Stort spekter av prosjekt rett utanfor kontoret, midt i Bergen sentrum
Heilskapleg læring i vår eigedomsavdeling; vi investera, drifter, held ved likeog avhender
Prosjekt med utspring i bygningar som til ein kvar tid skal bidra til framifråforsking, utdanning, formidling og innovasjon
Samarbeid med dyktige fagmiljø om viktige utviklingsoppgåver for heileuniversitetet
Opplæring og moglegheit for vidareutdanning og utvikling.
Stilling som prosjektleiar (kode 1087/1181) løn mellom kr 720 000 - 900 000etter kvalifikasjonar i det statlege lønnsregulativet. For særleg kvalifisertesøkarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare lønn
Her kan du lese meir om kva UiB kan tilby: http://www.uib.no/poa/karriere-ved-uib/Her kan du lese om Eigedomsavdelinga som arbeidsplass: https://www.uib.no/eia/96627/eiendomsavdelingen-som-arbeidsplass
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Gruppeleder bygg Rune Hovland, tlf. 952 97 845
Vil du bli betre kjent med oss - ta kontakt for ei omvising.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppfordrar kvinner til å søkje.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.