LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiatstilling - dobbelkompetanse i psykologi

Søknadsfrist: 01.06.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

NB! Søknadsfristen er forlenget

Ved Det psykologiske fakultet er det ledig ei stipendiatstilling som gjev dobbelkompetanseutdanning i psykologi. Stillinga har ein samla åremålsperiode på inntil sju år og vert finansiert av fakultetet, i samarbeid med Byrådsavdeling for barnehage, skole og idrett, Bergen kommune.

Om stillinga som dobbelkompetansestipendiat:

Stillinga gjev eit unikt høve til å kombinere ph.d.-utdanning og spesialistutdanning. Dobbelkompetanse vil i denne samanhengen tyda dokumentert forskingskompetanse (avlagt ph.d.-grad) og spesialistkompetanse (spesialisering godkjent av Norsk Psykologforening).

Stillinga er samansatt av to sjølvstendige delar, som kan kombinerast etter avtale. Stipendiatperioden er på til saman 3 år og spesialistkandidatperioden er på inntil 4 år. Tilsetjing i stipendiatstilling skjer med Det psykologiske fakultet som arbeidsgjevar, medan tilsetjing som psykolog i spesialistkandidatstilling ved denne utlysinga skjer med Etat for spesialpedagogiske tjenester, Byrådsavdeling for barnehage, skole og idrett, Bergen kommune som arbeidsgjevar. Finansieringa av spesialistdelen av stillinga er forankra i ein regional samarbeidsavtale mellom fakultetet og kommunen.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må på søknadstidspunktet vere cand. psychol. eller ha ei tilsvarande utdanning som gjev autorisasjon til å arbeida som psykolog i Noreg.
  • Søkjarar må normalt ha gjennomført utdanninga med særs godt resultat eller kunna dokumentera tilsvarande nivå gjennom seinare forskingsarbeid og i prosjektskildringa.
  • Det er normalt eit krav om karakter B eller høgare på hovud-/masteroppgåva ved opptak til ph.d.-utdanninga.
  • Erfaring frå Pedagogisk-psykologisk tjeneste (PPT) eller arbeid mot barn er ein fordel.
  • Søkjarar må kunna arbeida sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må kunna nytte engelsk skriftleg og munnleg.
  • Søkjarar må ha gode norskkunnskapar.
  • Personlege eigenskapar vil verta vektlagde. Ambisjonar, samarbeidsevner og potensial vil også telja ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeld følgande:

Om stipendiatstillinga og forskarutdanninga:

Som stipendiat skal ein delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Ved vurdering av kvalifikasjonar til stillinga vil ein også verta vurdert i samsvar med krava for opptak til den organiserte forskarutdanninga ved Det psykologiske fakultet. Les meir om ph.d.-utdanninga ved Det psykologiske fakultet her.

Om søkjarar tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden. Prosjektskildringa skal ha ei klar forankring og vera knytt til forskingsmiljø ved Det psykologiske fakultet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vera godkjent av fakultetet seinast tre månadar etter at kandidaten har teke til i stillinga.

Om spesialistutdanninga:

Det er spesialiteten i samfunns- og allmennpsykologi som er aktuell for denne stillinga, og praksis for spesialistutdanninga er knytt til Pedagogisk psykologisk senter (PPS) i Bergen kommune. Praksiskrava til spesialiseringa vil vera gjeldande, og kommunen vil leggja til rette for rotering til naudsynt praksis. Spesialiseringskurs og rettleiing vil verta dekka av kommunen. Det skal leggjast fram ein plan for spesialistutdanninga, samt ein tentativ plan for fordeling av tid som ph.d.-stipendiat og som spesialistkandidat for heile utdanningsløpet (7 år). Plan for spesialistutdanninga skal sendast Norsk Psykologforening før tilsetjing. Løn som spesialistkandidat vert avtalt særskilt med kommunen. Dersom søkjar har gjennomført delar av spesialistopplæringa, vil samla åremålsperiode verta redusert tilsvarande.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 482 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stilli
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Prosjektskisse (maks 10 sider inkl. referanseliste)
  • Tilråding frå instituttleiar og ph.d.-rettleiar ved UiB, og frå Bergen kommune
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå hovud-/masteroppgåva
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning)
  • Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggja ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka
  • Dersom du har NOKUT si generelle godkjenning av høgare utdanning tatt i utlandet ber vi om at dette blir lagt ved
  • Relevante attestar, inklusiv oppnådd autorisasjon som psykolog i Noreg
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeider (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegga som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vera på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vera attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgja for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For opplysningar om spesialistutdanninga og forsking i Bergen kommune kan ein vende seg til

  • direktør Jogeir Sognnæs, Etat for spesialpedagogiske tjenester, Byrådsavdeling for barnehage, skole og idrett, Bergen kommune, tlf. 91816155 / 91160755, Jogeir.Sognnaes@bergen.kommune.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga.Personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV eller personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Opplysningar om nedsatt funksjonsevne eller hol i CV, kan verte brukt til registreringsføremål i Universitetet i Bergen sin inkluderingsdugnad.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS