LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i samfunnsøkonomi

Søknadsfrist: 05.03.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Er du interessert i samfunnsøkonomi/finans i kombinasjon med teknikkar frå informatikk/informasjonsvitskap?

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Institutt for økonomi, Universitetet i Bergen, er det ledig ei stipendiatstilling i samfunnsøkonomi. Vi søker etter kandidatar med en master i samfunnsøkonomi med prosjekter som kombinerer samfunnsøkonomi eller finans med teknikkar frå informatikk/informasjonsvitskap. Det kan for eksempel være prosjekter om bedrift eller konsument optimering og algoritmar, eller prosjekter som kombinerer et felt innan økonomi eller finans med maskinlæringsteknikkar, men det er ikkje avgrensa til dette.

Institutt for økonomi, Universitetet i Bergen, har en fast vitskapeleg stab på rundt 20 tilsette som driver forsking og utdanning innanfor samfunnsøkonomi. Instituttet tilbyr to integrerte 5-årige masterprogram i tillegg til et bachelor- og masterprogram i samfunnsøkonomi.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga: Samla stipendiatperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om ph.d.-utdanninga: Som stipendiat skal du delta i ph.d.-utdanninga ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, UiB. Utdanninga har ei normert tidsramme på 3 år, og leiar fram til ein ph.d.-grad. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av mastergraden må normalt vere på 120 studiepoeng og bygge på ein bachelorgrad på 180 studiepoeng (normalt 2+3 år), eller ein integrert mastergrad av 300 studiepoeng (5 år). I mastergraden skal det normalt inngå eit sjølvstendig arbeid av eit omfang på minimum 30 studiepoeng. Mastergraden skal normalt vere innan det fagområdet det vert søkt om opptak til.

Om prosjektet:

Ei kortfatta prosjektskildring (5-8 sider) skal ligge føre saman med søknaden. Prosjektskildringa skal gjere greie for tema, problemstilling(ar) og val av teori og metode. Skildringa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet. Ved tilsetjing vil prosjektskildringa vere grunnlaget for opptak til ph.d.-utdanninga. Prosjektet må kombinere økonomi eller finans med teknikkar frå informatikk/informasjonsvitskap som skissert for over.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad i samfunnsøkonomi eller tilsvarande utdanning. Søkjarar som fullfører mastergrad innan utgangen av juni 2021, kan søkja. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Minstekravet for søkjarane skal normalt vere B eller betre, både på masteroppgåva og for mastergraden totalt sett.
  • Søkjaren må kunna arbeida sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Stor arbeidskapasitet og ha entusiasme for forsking
  • Nytta engelsk skriftleg og munnleg

Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (st. kode 1017) ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr. 482 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og undervising.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • Prosjektskildring
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar (inkludert masteroppgåva eller tilsvarande).
  • Dersom du har mastergrad frå utanlandsk lærestad, eller 2-årig disiplinbasert mastergrad (eller tilsvarande) innan eit anna fagområde enn du vil bli knytt til, kan du verte bede om å sende inn ei oversikt over pensum til den mastergraden du har oppnådd

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge via link på denne sida.

Søknadsfrist: dato 5.3.2021. Søknaden må merkast: 21/852

Søknader utan prosjektskildring eller søknader som vert sende på e-post vil ikkje verte vurderte. Berre vedlagte dokument vil bli lagt til grunn for sakkyndig vurdering.

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar: Tommy Ståhl Gabrielsen, Tommy.Gabrielsen@uib.no, +47 55 58 92 21

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til seniorkonsulent HR: Jannicke Lervik, Jannicke.Lervik@uib.no, +47 55 58 9011.

Den som vert tilsett vil bli tatt opp i fakultetet si ph.d.-utdanning. Eventuelle spørsmål om ph.d.-utdanninga kan rettast til rådgjevar Hanne.Gravermoen@uib.no.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS