LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i kvantitativ cellebiologi - analyse av proteostasekontrollmekanismar

Søknadsfrist: 15.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i kvantitativ cellebiologi - analyse av proteostasekontrollmekanismar

Ved Institutt for biovitenskap er det ledig ei stilling som ph.d. stipendiat i kvantitativ cellebiologi - analyse av proteostasekontrollmekanismar. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

  • Forskingsgruppa bruker teknikkar som spenner frå genetikk til moderne massespektrometri og matematisk modellering for å lære korleis celler monterer multiproteinkompleks og held ved like deira funksjon (sjå Onischenko et al, Cell, 2017 og 2020; labinfo: www.onishchenkolab.org). Doktorgradsarbeidet tar sikte på å karakterisere proteostasekontrollfeil - ein tilstand når celler ikkje klarar å kontrollere proteinkvaliteten riktig, som ligg til grunn for mange alvorlege lidingar som Alzheimers og Parkinsons sjukdom. Prosjektet vil fokusere på å analysere korleis proteotoksisk stress indusert av sjukdomsrelaterte proteinaggregat og andre faktorar påverkar montering og funksjon av proteinkompleks som er kritiske for proteostasekontrollen: proteasom, mitokondrie OXPHOS og andre.
  • Doktorgradsstipendiatens oppgåver vil omfatte etablering av kvantitative massespektrometri-baserte analyser i spirande gjær for å overvake montering av proteostasekontrollmaskinelementa og å studere konsekvensane av proteotoksiske påkjenningar ved ovannemnte monteringsanalysar og med ortogonale genetiske og mikroskopiske teknikkar. Den rette kandidaten forventast å vere komfortabel med å jobbe med berekningsanalyse av proteomiske data (eller tileigne seg naudsynte ferdigheiter) og ha interesse i å anvende kvantitative analytiske teknikkar for å undersøkje biologiske prosessar.
  • Kandidaten som tilsetjast vil få moglegheit til å bidra til utvikling av prosjektet i tråd med eigne interesser.
  • Stipendiaten kan også bli involvert i rettleiing av studentar på bachelor- og masternivå.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i molekylærbiologi, biokjemi, kjemi eller fysikk, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå berekningsanalyse av store datasett som omics-data er ein føremon.
  • Erfaring frå proteinbiokjemi-teknikkar som affinitetsrensing av protein og proteinkompleks er ein føremonn.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande

Om stipendiatstillinga: Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 491 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • Relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Evgeny Onishchenko, e-post: Evgeny.Onishchenko@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS