LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i Jon Fosses forfattarskap

Søknadsfrist: 07.07.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i Jon Fosses forfattarskap

Velkomen som søkjar til ei stipendiatstilling i Jon Fosses forfattarskap ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE). Planlagd oppstart er 01.11.2024 eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år. 

Utlysinga gjeld prosjekt om Jon Fosses forfattarskap, som skal munne ut i ei doktorgrad i anten allmenn litteraturvitskap, nordisk litteraturvitskap, nordisk språkvitskap eller teatervitskap. Prosjektet skal vere plassert med omsyn til fagområde.

Om instituttet:

LLE har kring 80 vitskapleg tilsette, 17 administrativt tilsette, rundt 40 ph.d.-kandidatar og sju postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, språkvitskap og teatervitskap. 

Om stipendiatstillinga: 

Stipendiatstillingar har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Samla stipendperiode er fire år, der 25 prosent av tida nyttast til anna, karrierefremjande arbeid knytt til undervising, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med instituttet ved tilsetjing. 

Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved Universitetet i Bergen, kan ikkje søke.

Tilsetjingsperioden kan bli redusert dersom den som blir tilsett tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling. 

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og at ein rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. 

Kvalifikasjonar og eigenskapar: 

  • Søkjar må ha mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan allmenn eller nordisk litteraturvitskap, språkvitskap eller teatervitskap. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Søkjarar som berre dokumenterer annan grad enn norsk mastergrad blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) og retningslinene Det humanistiske fakultet sine retningsliner.
  • Det er ein føresetnad at søkjarar kan arbeide med Jon Fosses verk på originalspråket. Utlysinga er open for prosjekt som handlar om Fosse på scena. 
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert, og ha gode samarbeidsevner. 

Søkjarar må skrive ein omtale av eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei doktorgradsavhandling, samt ein framdriftsplan for prosjektet.

Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, etter Ph.d.-programmets pkt. 2.1.

Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, kor gjennomførleg dei skisserte prosjekta er, samt dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane, vil det bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.

Om forskarutdanninga: 

Stipendiatar skal delta i Det humanistiske fakultetet sitt ph.d.-program. Programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, krav til årleg framdriftsrapportering og godkjend midtvegsevaluering. Trykk her for meir informasjon om innhaldet i ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet.

Vi tilbyr: 

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø. 
  • Løn tilsvarande lønssteg 55 (kode 1017) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei bruttoårsløn på kr 540 500. Vidare opprykk skjer etter ansiennitet i stillinga.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse. 
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd). 
  • Gode velferdsordningar.

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. 

Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet. Søknaden skal innehalde:

  • Prosjektskisse (inntil fem sider/12 000 teikn medrekna mellom, litteraturliste ikkje medrekna). Prosjektskissa skal skildre det vitskapelege prosjektet tydeleg, med forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode, etiske aspekt og ein tidsplan for gjennomføring. 
  • Litteraturliste for prosjektskissa.
  • Framdriftsplan for prosjektet.
  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • CV. 
  • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje er oppgitt i karakterutskrifta eller vitnemålet for mastergraden, må det leggjast ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som spesifiserer oppgåva sitt omfang i ECTS.
  • Eit kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider). 
  • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste). 
  • Eventuelle publikasjonar (inntil tre).
  • Relevante attestar. 
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, der ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. 

Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her. 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. 

SØK STILLINGA

Powered by Labrador CMS