Ledige stipendiatstillingar i ph.d.-programmet «Utdanning, språk og kultur» ved Høgskulen i Volda
Stipendiatstillingar i Utdanning, språk og kultur
Søknadsfrist: 16.09.2024
Publisert
Høgskulen i Volda
Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4000 studentar og ca. 400 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.
Om stillinga
Høgskulen i Volda, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, søkjer etter inntil fem stipendiatar til ph.d.-programmet «Utdanning, språk og kultur».
Dette er utdanningsstillingar som gjev lovande kandidatar høve til fagleg utvikling. Innhaldet i stillingane er forskarutdanning med doktorgrad (ph.d.) som mål. Slike stipendiatstillingar er viktige rekrutteringsstillingar for vitskapleg arbeid ved universitet og høgskular.
Stipendiaten vert tilsett for ei periode på tre år med rein forskarutdanning, eller fire år med 75% forskarutdanning og 25 % arbeidsplikt. Denne arbeidsplikta vil gjelde undervising, rettleiing, sensur og liknande fagleg aktivitet ved høgskulen. Arbeidet skal vere relevant for vidare kvalifisering til akademiske stillingar. Søkjarane bør opplyse om dei helst ønskjer å gjennomføre doktorgradsarbeidet gjennom ei tre- eller fireårskontrakt, og så vert det avklara med arbeidsgjevar i tilsetjingsprosessen.
Dagleg arbeidsstad er ved Høgskulen i Volda. Som tilsett ved høgskulen får ein som stipendiat tenleg kontor og utstyr, og ein får tildelt årlege driftsmidlar etter gjeldande satsar.
Om ph.d.-programmet
Ph.d.-programmet i Utdanning, språk og kultur er ei forskarutdanning på tvers av utdanningsvitskap og språk- og kulturfag. I tillegg til utdanningsvitskap inkluderer det norsk, engelsk, historie, religion, medie- og kulturfag. Det vert lagt vekt på språk- og kulturfaga som danningsfag og som grunnlag både for oppseding til sjølvstende og kritisk tenking og for forståing av kultur i fortid og notid. Kjernen i programmet er ulike koplingar mellom utdanningsvitskap, språk- og litteraturvitskap, skriftkultur og ulike kulturmøte. Programmet vil fremje gjensidig styrking av profesjonsretta og disiplinære tilnærmingar med rom for ulike tyngdepunkt i fag og didaktikk.
Samstundes som programmet har base i Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning (AHL), involverer det fagmiljø og forskingsprosjekt også i dei tre andre avdelingane ved høgskulen: Avdeling for samfunnsfag og historie (ASH), Avdeling for mediefag (AMF) og Avdeling for kulturfag (AKF).
Kvalifikasjonar
Grunnlaget for tilsetjing som stipendiat og opptak i ph.d.-programmet er mastergrad eller tilsvarande med vekta snittkarakter B eller betre. Kandidatar med 5-årig integrert lærar- eller lektorutdanning må ha vekta snittkarakter B eller betre frå dei to siste åra i utdanninga.
I særlege tilfelle kan ein kandidat med snittkarakter under B få opptak, dersom kandidaten kan dokumentere vitskapleg publisering eller anna som viser høgt fagleg nivå, og som sannsynleggjer at kandidaten er i stand til å fullføre ph.d.-programmet.
Utdanninga som dannar grunnlag for opptak må vere relevant for profilen i programmet. Normalt vil dette vere humanistiske (inkludert medie- og kulturfaglege), pedagogiske, fagdidaktiske eller samfunnsvitskaplege fag. Mastergraden bør vere av relativt ny dato. Dersom du har anna utdanning som gjev grunnlag for å gjennomføre ei forskarutdanning, eller utdanning frå utlandet, må det leggast ved godkjenning frå NOKUT. Vitskaplege kvalifikasjonar utover mastergrad vert vektlagde. Det same gjeld relevant arbeidserfaring.
Ved vurdering av søkjarane vil det bli lagt stor vekt på prosjektidéen og prosjektskildringa som du legg ved søknaden. Ho skal vere på åtte til ti sider og følgje denne malen. Der skal det kome fram kva du ønskjer å forske på, kvifor det er relevant og passar til ph.d.-programmet, og kva som er forskingsstatus på feltet. Prosjektskildringa skal gjere greie for dei teoretiske og metodiske utgangspunkta for prosjektet og kva datagrunnlag (kjelder/empiri) du planlegg å bruke.
Det vert gjennomført intervju og referansesjekk av aktuelle kandidatar for å vurdere om ein har dei personlege føresetnadane som skal til for å gjennomføre forskarutdanninga. Det gjeld mellom anna motivasjon og potensial for forsking på fagfeltet. Du må ha stor arbeidskapasitet, vere strukturert og ha forståing for at eit doktorgradsløp er ein krevjande læringsprosess. Du må kunne arbeide sjølvstendig og vere nytenkande og kreativ.
Vi krev gode kunnskapar i norsk eller anna skandinavisk språk og engelsk, både skriftleg og munnleg. Undervisings- og administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk.
Om avdelinga og høgskulen
Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning (AHL) er den største avdelinga ved Høgskulen i Volda med årleg om lag 2000 studentar og rundt 130 tilsette. Høgskulen gjev tilbod om barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning og praktisk-pedagogisk utdanning i tillegg til ei rekkje humanistiske fagstudium. Dei vitskapleg tilsette ved AHL er fordelte på seks institutt: Institutt for språk og litteratur, Institutt for pedagogikk, Institutt for realfag, Institutt for religion og livssyn, Institutt for digital kompetanse og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. I tillegg til grunnutdanning har avdelinga stor aktivitet i etter- og vidareutdanning.
Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4000 studentar og ca. 400 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.
Vi tilbyr
HVO tilbyr varierte arbeidsoppgåver i ei stor, spanande og samfunnsviktig verksemd.
Her er gode vilkår for forsking og aktive forskargrupper på fleire fagfelt.
Vi har gode pensjonsordningar, og stillinga er løna i statens lønsregulativ. Ved HVO er stipendiatar si startløn kr. 532 200,- Det er lagt opp til ei jamn lønsutvikling i perioden.
Generell informasjon
Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen.
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
Om søknaden
Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga
Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.
Desse dokumenta skal leggjast ved den elektroniske søknaden:
Prosjektskildring; sjå informasjon lenger oppe i teksten
Vitnemål og attestar
CV
Masteroppgåve
Eventuelle andre vitskaplege arbeid
Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila.
Søkjarane blir vurderte av eit sakkunnig utval. Alle innkomne søknader blir først vurderte av avdelinga. Søknader frå klart ikkje-kvalifiserte søkjarar blir ikkje sende vidare til vurdering i sakkunnig utval.
Kontakt
Nærare opplysningar om stillingane får ein ved å kontakte:
Professor Per Halse, tlf. 70075146, pha@hivolda.no eller