LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i filosofi

Søknadsfrist: 10.08.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudium er det ledig ei stilling som stipendiat i filosofi. Planlagt oppstart er tidlegast 1. november 2022. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år.

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium har omlag 70 tilsette på heil- og deltid, inkludert om lag 10 stipendiat- og postdoktorstillingar. Instituttet tilbyr undervisning på bachelornivå i filosofi og retorikk, og på master- og ph.d.-nivå i filosofi. I tillegg har det ansvar for å drive Universitetet i Bergen sitt Examen philosophicum-tilbod. Forskinga ved instituttet spenner over eit vidt område. Ei oversikt over forskingsgruppene på instituttet kan ein finne her: Forskingsgrupper ved FoF.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad i filosofi. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Søkjarar som dokumenterer annan grad enn norsk mastergrad blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) og Det humanistiske fakultets retningsliner.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjar må meistre engelsk, skriftleg og munnleg.
  • Det er ein fordel med norskkunnskapar.

Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, etter Ph.d.-programmets pkt. 2.1.

Ved vurderinga av søknadene blir det lagt størst vekt på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, men dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane vil også bli tillagt vekt. Prosjektet må passe inn i ei av instituttets forskingsgrupper. Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane, vil det bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn. Det blir vidare lagt vekt på om søkjaren er motivert og personleg eigna for stillinga.

For stillinga gjeldt følgande:

Stipendiatstillingar har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid knytt til undervisning, formidling og administrasjon. Ein vesentleg del av ein eventuell pliktarbeidsperiode vil omfatte undervisning, rettleiing og vurderingsarbeid ved Examen philosophicum og/eller andre innføringsemne ved Det humanistiske fakultet. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med instituttet ved tilsetjing.

Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved Universitetet i Bergen kan ikkje søke.

Tilsetjingsperioden kan bli redusert dersom den som blir tilsett tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Om forskarutdanninga

Stipendiaten skal delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d-grad innanfor ei tidsramme på 3 år, som mellom anna inneheld ein opplæringsdel på 20 studiepoeng, krav til årleg framdriftsrapportering og ei midtvegsevaluering halvvegs i stipendiatperioden. Trykk her for meir informasjon om innhaldet i ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet.

Det er ein føresetnad at søkjaren fyller krava for opptak til ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn tilsvarande lønssteg 54 (kode 1017/LR20, alternativ 10) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr. 490.800 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Slik søkjer du stilllinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «Søk stillinga» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Eit kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil 3 sider)
  • Relevante attestar
  • Prosjektomtale (inntil 5 sider/12.000 teikn)
  • Framdriftsplan for prosjektet
  • Litteraturliste for prosjektomtalen
  • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste)
  • Eventuelle vitskaplege arbeid (inntil 3)

Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: fakadm@hf.uib.no.

Nærare om utforming av søknad her.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknadsfrist: 10.08.2022

UiB-id: 22/5859

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS