LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I SØRØST-NORGE

Førsteamanuensis, førstelektor eller universitetslektor innan tekstil

Søknadsfrist: 15.09.2025

USN er universitet nær deg. Her jobbar vi saman for å finne løysingar. For lokalsamfunnet, verda og alle oss som bur her. På campusane våre frå fjord til fjell vil du jobbe i nærleiken av heimstaden din på søraust-landet.

Her gjer du ein meiningsfull jobb blant yrande studentliv og innovative forskingsmiljø. Du får ein arbeidsplass som er tett på dei store samfunnsutfordringane – og samtidig nær løysingane på dei. Eit arbeid vi gyv laus på med våre aller beste verkemiddel: utdanning og forsking.

Vi tilbyr profesjonsorienterte og arbeidslivsretta utdanningar, forsking og kunnskapsformidling med høg internasjonal kvalitet. Som tilsett får fordjupe deg i ditt eige felt, samtidig som du har tilgang til ein buffet av moglegheiter for utvikling og læring.

Gjennom dei offisielle kanalane – og gjennom eit nettverk av kunnskapsrike og rause kollegaer som kan mykje om mangt. USN er resultatet av fusjonar mellom tidlegare høgskular. Høgskulen i Søraust-Noreg vart danna 1. januar 2016 då Høyskolen i Buskerud og Vestfold fusjonerte med Høyskolen i Telemark. Høgskulen fekk universitetsstatus i 2018. Rektoren vår heiter Pia Cecilie Bing-Jonsson.

Les meir om korleis det er å jobbe på Universitetet i Søraust-Noreg

Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk har ledig fast stilling som  førsteamanuensis, førstelektor eller universitetslektor innan tekstil

Om stillinga

Ønskjer du å jobbe med undervisning, rettleiing og forsking innan design og handverk, og bidra til å ruste studentane våre til å løyse aktuelle utfordringar og vere nyskapande? 

Ved Fakultet for humaniora, idretts- og utdanningsvitskap er det frå 01.01.26 ledig fast inntil 80 % stilling som førsteamanuensis/førstelektor/universitetslektor i tekstil. Stillinga er knytt til Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk, og næraste overordna er instituttleiar. Hovudarbeidsstad er campus Rauland.

Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk søkjer ein engasjert og motivert førsteamanuensis/førstelektor/universitetslektor innan tekstil som, basert på eigen praksis, undervisningserfaring og forsking, kan bidra til å styrkje instituttet sine utdanningar. Det er særleg relevant med kompetanse innan tradisjonelle tekstilteknikkar som vev, saum og broderi m.m.

Instituttet tilbyr årsstudium og bachelorprogram innan folkemusikk, folkedans og tradisjonskunst med fordjuping i tre, metall, tekstilhandverk eller instrumentmaking, samt eit overordna masterprogram i tradisjonskunst og folkemusikk. Instituttet har òg fleire vidareutdanningar og kortare studietilbod. Alle studia ved instituttet har ein praktisk og utøvande profil.

Instituttet er tilknytt forskingsgruppa Praksis, Tradisjon og Teknologi, som driv ei rekkje prosjekt og enkeltstudiar innan tradisjonskunst- og folkemusikkforsking.

Campus Rauland er eitt av universitetet sine åtte campus, omgitt av vakker og allsidig natur med gode og varierande fritidsmoglegheiter. Campus Rauland er eit lite og kompakt campus, der både tilsette og studentar jobbar tett saman og blir godt kjende. Campus Rauland er kjent for eit studentmiljø fylt med lidenskap og inspirasjon, og har i fleire år blitt rangert som det beste studentmiljøet i Noreg.

Ansvar og arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene inkluderer emneansvar, undervisning, rettleiing og sensur ved årsstudiar, bachelor-, master- og etter- og vidareutdanning, eventuelt òg på ph.d.-nivå.
  • Undervisning og rettleiing vil i hovudsak vere innanfor verkstadfaget tekstil.
  • Verkstadsansvar på tekstilverkstaden. Dette inneber innkjøp av utstyr og materialar, opplæring av studentar i HMS, oppfølging av verkstadsrutinar og deltaking i innkjøp og vedlikehald av utstyr.
  • Bidra som ei viktig ressurs i andre studium der tekstil er ein sentral del, som studiet i design, redesign og saum av klede, og etableringa av eit nytt studium innan folkedrakter og bunadsbruk.
  • Delta i etablerte forskingsgrupper gjennom eigen forsking og samarbeid med andre forskarar og forskingsmiljø, samt aktivt bidra til å utvikle prosjekt og søkje om forskingsmidlar til desse.
  • Det er ønskjeleg at den som blir tilsett, har Campus Rauland som sitt daglege arbeidsstad.

Kvalifikasjonar

  • Utøvande/praktisk handverkskunnskap innan tekstil. Instituttet har hatt høg kompetanse innan ulike vevteknikkar, og det er spesielt ønskjeleg at dette held fram.
  • Erfaring frå undervisning og rettleiing.
  • Interesse og kunnskap innan tradisjonskunst og tradisjonelle handverkstradisjonar.
  • Erfaring med forsking/utøving/kunstnarleg utviklingsarbeid innan tekstilfaget.
  • Kompetanse innan klede, folkedrakt og bunad.
  • Undervisningsspråket er norsk, og den som blir tilsett, må kunne undervise på eit av dei skandinaviske språka (norsk, svensk eller dansk).

Personlege eigenskapar

Den som blir tilsett må ha evne til sjølvstendig arbeid, og samstundes vere motivert for å dele kunnskapar og delta i samarbeid. 

Vi søkjer deg som er nyskapande, fleksibel og som har ambisjonar på vegner av studentane. Du har god evne til å motivere studenter og bidra til et godt læringsmiljø. Du blir også motivert av utviklingsarbeid og er opptatt av dei gode synergieffektane mellom forsking, praksis og utdanning. Personleg eignaheit for stillinga vil bli vektlagd.

For tilsetjing som universitetslektor krevst høgare grads eksamen ved universitet, høgskule eller tilsvarande, i tillegg til relevante forskingskvalifikasjonar utover mastergrads- eller hovudfagsnivå og/eller relevant yrkespraksis. Søkarar med forskingskompetanse vil bli prioriterte. Ved tilsetjing som universitetslektor vil det bli lagt vekt på ønskje, vilje og planar om kvalifisering til førstekompetanse.

For tilsetjing som førsteamanuensis krevst i tillegg norsk doktorgrad på aktuelt fagområde eller tilsvarande utanlandsk doktorgrad godkjent som likeverdig med norsk doktorgrad, eller kompetanse på tilsvarande nivå dokumentert ved vitskapleg arbeid av same omfang og kvalitet.For tilsetjing som førstelektor krevst dokumentert omfattande forskings- og utviklingsarbeid som i kvalitet og omfang tilsvarer arbeidsmengde og nivå for ei doktorgradsavhandling. Spesielle kvalifikasjonar innanfor undervisning eller annan pedagogisk verksemd vil bli tillagt vekt.

Søkarar må i tillegg dokumentere utdanningsfagleg kompetanse i tråd med føringane i Forskrift om tilsetjing og opprykk i forskar- og undervisningsstillingar.

Krav til dokumentasjon på utdanningsfaglig kompetanse

Studia våre skal vere forskingsbaserte, både når det gjeld undervisningspraksis og innhald. Vi ønskjer derfor at våre undervisarar skal ha erfaring frå og vise motivasjon for å fokusere på utvikling av undervisningspraksis og samspela mellom undervisning og forsking for å fremje læring.

Universitetet i Søraust-Noreg har i tråd med Forskrift om tilsetjing og opprykk i forskar- og undervisningsstillingar sett krav til at søkarar på stilling som førsteamanuensis må kunne dokumentere ferdigheiter i universitets- og høgskulepedagogikk, fagdidaktikk og digital kompetanse.

Det er på denne bakgrunnen eit krav at søkarar kan dokumentere utdanningsfagleg basiskompetanse gjennom utdanning eller kurs i universitets- og høgskulepedagogikk tilsvarande minimum 200 timar, og opparbeidde grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå.

Alternativt krevst det dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse gjennom eigen praksis som undervisar og rettleiar og gjennom utdanningsleiing i høgare utdanning, kombinert med relevante utdanningar, kurs og seminar, samt dokumentasjon på opparbeidde grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing.

For søkarar som primært blir vurderte på grunnlag av eigen praksis, blir det stilt krav om undervisnings- og rettleiingserfaring og erfaring frå utdanningsleiing som samla sett tilsvarer to års fulltidsstilling i høgare utdanning.

NB! Les meir om korleis utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast i søknaden.

Søkarar som ikkje har slike utdanningsfaglege kvalifikasjonar, kan bli tilsette med plikt til å kvalifisere seg innan to (2) år. Kurs i universitets- og høgskulepedagogikk vil bli tilbode.

Ved vurdering av søkarar vil det bli lagt vekt på

  • Vitskaplege og pedagogiske kvalifikasjonar.
  • Fagleg kompetanse og praktisk erfaring frå arbeid innan tekstilfaget.
  • Undervisningserfaring og -kompetanse.
  • Erfaring frå utviklingsarbeid, prosjektarbeid og prosjektsamarbeid.
  • Publisering i nasjonale og internasjonale fagfellevurderte tidsskrift tel positivt.
  • Annan relevant kompetanse.
  • Personleg eignaheit og motivasjon for stillinga.

Vi tilbyr

  • Spennande og utviklande fagmiljø med stimulerande arbeidsoppgåver.
  • Individuell kompetanseplan og gode vilkår for kompetanse- og karriereutvikling for alle tilsette.
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
  • God pensjonsordning og gunstige vilkår i Statens pensjonskasse.
  • Godar og fordelar for tilsette, mellom anna moglegheit for trening i arbeidstid og stor grad av fleksibilitet.

Løn

  • Universitetslektor (kode 1009): 563 412 – 711 095 kroner per år.
  • Førsteamanuensis (stillingskode 1011) og førstelektor (stillingskode 1198): 663 442 – kr 868 739 kroner per år.
  • I særskilte tilfelle kan høgare løn vurderast.

Lønsplassering skjer etter ansiennitet og kompetanse. Frå løna blir det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.

Tilsetjinga skjer på dei vilkåra som til ei kvar tid gjeld for tilsette i staten, og etter tilsetjing må du rekne med at det kan skje endringar i arbeidsområdet.

Andre opplysningar

Tilsetjingsorganet er tilsetjingsutvalet for undervisnings- og forskarstillingar ved Universitetet i Sørøst-Noreg. Eit sakkunnig utval vil vurdere søknadene. På bakgrunn av innstillinga frå utvalet blir aktuelle søkarar kalla inn til intervju og prøveførelesing.

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei lover, forskrifter og avtalar som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Universitetet i Søraust-Noreg ønskjer å tilsette personale som speglar mangfaldet i befolkninga, og vi ønskjer alle kvalifiserte søkarar velkomne. Vi arbeider for å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og legg til rette arbeidsplassen for dei som har behov for det. Har du periodar i livet der du ikkje har vore i arbeid, utdanning eller opplæring, er du òg velkomen til å søkje arbeid hos oss.

I samsvar med Offentleglova § 25, andre ledd, kan opplysningar om søkaren bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjarar vil bli varsla dersom slik anmodning ikkje blir tatt til følgje.

Kontaktinformasjon

For opplysningar om stillinga:

For opplysningar om søknadsprosessen:

Slik søker du

Universitetet i Søraust-Noreg nyttar elektronisk søknadsbehandling. Søkarar til stillinga må registrere søknaden sin og CV med vedlegg elektronisk via rekrutteringsportalen Jobbnorge ved å klikke på lenka: "Søk stillinga".

Følgjande dokument skal leggjast ved den elektroniske søknaden:

  • Attesterte kopiar av vitnemål frå høgskule/universitet og attestar.
  • Vitskaplege publikasjonar (inntil 10 for søkjarar til førsteamanuensis/førstelektor). Liste over vitskaplege publikasjonar.
  • Søkjarar som har fullført eige kurs i universitets- og høgskulepedagogikk tilsvarande minimum 200 timar, skal leggje fram dokumentasjon i form av kurs- eller eksamensbevis, i tillegg til studieplan eller beskriving av kurset med oversikt over emne/tema. Grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing skal dokumenterast i form av ei systematisk og samla framstilling.
  • Øvrige søkjarar skal beskrive, vurdere og dokumentere si kompetanse som undervisar, rettleiar og utdanningsleiar gjennom ei systematisk og samla framstilling. Ved USN blir det nytta pedagogisk mappe, og du kan lese meir om kva denne skal innehalde her. Kontaktinformasjon til tre referansar.

Vi gjer merksam på at alle dokument må vere på eit skandinavisk språk eller på engelsk. Eventuelle omsetjingar må vere attesterte.

Har du høgare utdanning frå utlandet, må denne godkjennast av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Du må ha sendt inn søknad for godkjenning innan søknadsfristen for denne stillinga går ut. Legg ved kvittering på søknad eller vedtak når du søkjer. Godkjenninga må ettersendast og er ein føresetnad for tilsetjing.

Her kan du lese meir om søknadsprosessen til vitskapelege stillingar ved Universitetet i Søraust-Noreg.

Det er søkarens eige ansvar å syte for at all etterspurd dokumentasjon har blitt lasta opp til søknaden innan utløpet av søknadsfristen.

Søk stillinga

Spørsmål om stillinga

  • Andrea Kasbo Rygh (Instituttleder), +4797096524, andrea.k.rygh@usn.no
Powered by Labrador CMS