LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i arkeologi - SapienCE, Centre for Early Sapiens Behaviour (analyse av materiell kultur)

Søknadsfrist: 28.08.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

The Centre for Early Sapiens Behaviour (SapienCE), eit senter for framifrå forsking (SFF) ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap ved Universitetet i Bergen, lyser ut ei stipendiatstilling innan analyse av materiell kultur særskild knytt til mellomsteinalderen (Middle Stone Age) i det sørlege Afrika.

Om SFF-ordninga og SapienCE

SFF-ordninga, finansiert av Norges forskningsråd, gir dei beste forskarane i Noreg høve til å etablere forskingssenter som tar sikte på å nå særs ambisiøse forskingsmål innanfor ein avgrensa tidsperiode. Fokuset for desse sentra er framifrå kvalitet og langsiktig forskingsinnsats på høgste internasjonale nivå.

SapienCE senter for framifrå forsking (SFF) fokusera på opphavet til åtferda av Homo sapiens i det sørlege Afrika mellom 120,000-50,000 år sidan. Kjerneforskingen ved senteret vert leia av ei leiargruppe beståande av fem forskingsleiarar og senterdirektøren. Vårt tverrfaglege team av forskarar ved UiB og ved fasilitetane til våre nasjonale og internasjonale partnarar integrerer nøyaktige nedteikningar av tidleg menneskeleg kulturell, sosial, teknologisk og ressursbasert åtferd med innovative geoarkeologiske, klimabaserte og kognitive modellar og data. Denne heilskaplege tilnærminga gjer banebrytande innsikt i dei ulike aspekta ved kva det vil seie å være menneske.

Om stipendiatstillinga:

Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Samla stipendperiode er 3 år.

Søkjaren er forventa å skrive ei ph.d.-avhandling knytt til analyse av ulike kategoriar av materiell kultur (t.d. bein og steinreiskap, restar av strutseegg, marine skjel) frå SapienCE sine arkeologiske funnstader knytt til mellomsteinalderen i Sør-Afrika.

Det prosjektet bør utvikle innovative metodar av laboratorieanalyse av materiell kultur i samarbeid med våre hovudforskarar (forskar Karen van Niekerk, Universitetet i Bergen, og professor Francesco d’Errico, University of Bordeaux).

Søkjaren er forventa å delta i arkeologisk feltarbeid og laboratorieanalysar i Sør Afrika når det er relevant og nødvendig for ph.d.-prosjektet. Den materielle kulturen her nemnt er lokalisert i Sør-Afrika.

Søkjaren skal aktivt delta i SapienCE si forskargruppe som er basert ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap i Bergen.

Varigheita for stipendiatstillinga er 3 år. Tilsetjingsperioden kan bli redusert dersom den som blir tilsett, tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling. Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved Universitetet i Bergen kan ikkje søkje.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin faste arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, ved SapienCE sine kontor, og at ein rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Den primære forskinga skal utførast ved SapienCE sine lokaler ved Universitetet i Bergen under rettleiing av våre forskingsleiarar.

I tillegg vil anna ph.d.-relatert forsking og opplæring skje i Sør-Afrika og ved University of Bordeaux. SapienCE tilbyr òg framifrå fasilitetar for avansert analyse av arkeologisk materiale i Bergen, Cape Town, og ved våre internasjonale partnarinstitusjonar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarens masteroppgåve må ha et omfang på minimum 30 studiepoeng (ECTS).
  • Søkjaren må som hovudregel ha karakteren B eller betre på masteroppgåva.
  • Søkjarar må ha femårig norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan arkeologi eller ein nærliggande fagdisiplin.
  • Søkjarar som ikkje har norsk mastergrad, blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). Det er ein føresetnad for tilsetting at mastergraden er oppnådd før søknadsfristen går ut.
  • Erfaring frå laboratorie- og feltarbeid knytt til sørafrikanske mellomsteinalderlokalitetar er ein fordel.
  • Kunnskap om analyseteknikkar som SEM-EDS, XRD, XRF and PXRF er ein fordel.
  • Svært gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevnar på engelsk er eit krav.
  • Kandidaten må vise eit sterkt engasjement for vitskapleg forsking, kunne arbeide sjølvstendig, strukturert, interaktivt i team, være ansvarleg og ha høg arbeidskapasitet.

Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, etter Ph.d.-programmets pkt. 2.1.

Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane, vil senterets fagstrategiske omsyn, søkjaren sin motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er verte vektlagt.

Om forskarutdanninga:

Stipendiatar skal delta i Det humanistiske fakultetet sitt ph.d.-program for ein ph.d.-grad. Programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, krav til årleg framdriftsrapportering og godkjent midtvegsevaluering. Trykk her for meir informasjon om innhaldet og krava i ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultetet.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn tilsvarande lønssteg 54 (kode 1017) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 500 800 brutto i full stilling før skatt. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Slik søkjer du:

Søknaden skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK STILLINGA». Søkjaren må nytte det elektroniske CV, skjemaet. I tillegg må dette følgje søknaden:

  • Prosjektomtale på inntil 5 sider, ikkje medrekna litteraturliste. Prosjektomtalen skal innehalde:
    • Eit kort samandrag (abstract) som skisserer prosjektet.
    • Forskingsbakgrunn. Korleis plasserer prosjektet seg i denne, og korleis vil det tilføre ny kunnskap?
    • Hovudmålsettingar, forskingsspørsmål og eventuelt hypotesar
    • Teoretisk tilnærming, empirisk materiale og metodologi
    • En godt utarbeida framdriftsplan for prosjektet
    • Litteraturliste
  • Søkjars CV
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar. Ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Eit kort samandrag av hovudfagsoppgåva/masteroppgåva (inntil 3 sider). Dersom du ikkje har norsk mastergrad, kan du bli beden om sende inn heile masteroppgåva.
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad som viser at du har fullført relevant utdanning. Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje er oppgitt i karakterutskrifta eller vitnemålet for mastergraden, må det leggjast ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som spesifiserar oppgåva sitt omfang i ECTS.
  • Liste over eventuelle vitskaplege publikasjonar.

Omsette vitnemål og vitskaplege arbeid må vere instituttet i hende innan søknadsfristen. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format. Dersom søkjaren sine originale vitnemål, karakterutskrifter og attester ikkje er skrivne ut på engelsk, norsk, svensk eller dansk, må søkjar legge ved autoriserte omsettingar til eit av språka nemnt over.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stipendiatstillingane kan ein få ved å kontakte:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: fakadm@hf.uib.no.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGA

Powered by Labrador CMS