LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i analytisk marin kjemi

Søknadsfrist: 18.11.2024

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i analytisk marin kjemi

Ved Kjemisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat innan analytisk marin kjemi med arbeidsplass på Havforskningsinstituttet (HI) i Bergen. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år, der 25% av tida kvart år vil bestå av karrierefremmande arbeid relatert til forsking, undervisning, vitskapeleg forvaltningsstøtte og formidling.

Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen (UiB), og er knytt til forskargruppa Framand – og Smittestoff ved HI.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Denne stillinga er ein del av eit strategisk samarbeid mellom UiB og HI som fokuserer på kunnskap for framtidas hav med kontinuerleg innovasjon og digital omstilling til kunstig intelligens og implementering av framtidas teknologi. Det vil vere eit samarbeid mellom forskargruppa for Bioressursar og Farmasøytisk kjemi ved Kjemisk institutt, som forskar på utfordringar knytt til helse og berekraftig marin bioressursbruk ved å utvikle og anvende både syntetiske og analytiske metodar i organisk kjemi, og forskargruppa Framand- og Smittestoff ved HI, som blant anna undersøkjer og dokumenterer innhaldet av framandstoff i det marine miljø, biota, fisk og sjømat.

Samtidig som det er eit vedvarande arbeid å forbetre målretta analysemetodar er det aukande fokus også på bruk av høgtoppløysande massespektrometri (HRMS) for screeninganalyse av mistenkte og ukjente framandstoff som per- og polyfluorerte alkylstoff (PFAS). HRMS genererer store og komplekse datasett som gir moglegheit for ny og djupare innsikt. I denne stillinga vil HRMS baserte metodar brukas for å identifisere organiske framandstoff i sjømat og marine prøver både frå hotspots og marine organismar eksponert for tekniske blandingar av framandstoff. I tillegg vil effektbaserte analyser brukas for å prioritere nye framandstoff identifisert i påverka marine miljø. Resultata vil bli publiserte i vitskapelege tidsskrift og vil inngå i ph.d-avhandlinga.

Ph.D.-stipendiaten vil bidra til følgjande pågåande prosjekt: NFR FEARLESS, EU CONTRAST og NFR ClimeSeafood, i tillegg til vitskapeleg forvaltningstøtte.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i kjemi eller tilsvarande disipliner og må ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå praktisk laboratoriearbeid i kjemi er eit krav. Mengda praktisk laboratoriearbeid dokumentert ved masteroppgåva og seinare arbeidserfaring vil bli vektlagt.
  • Praktisk erfaring med bruk av viktige analyseteknikkar som brukas i moderne laboratorium slik som kromatografi, massespektrometri og spektroskopi, og erfaring i målretta analyse ved bruk av desse teknikkane er ein fordel.
  • Erfaring med kromatografi- og massespektrometri-teknikkar som er relevant for screening av mistenkte og ukjente forbindelsar i miljø- og biotaprøver (GC- og LC-Orbitrap. GC- og LC-QTOF) er ein fordel.
  • Erfaring i metodeutvikling og kvalitetssikring er ein fordel.
  • Erfaring med kommersiell programvare for behandling av screeningdata (for eksempel compound discoverer, mass frontier), eller opne kildekodeløysningar som PatRoon, er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • Søkjarar må ha gode kunnskapar i norsk eller i eit skandinavisk språk for å delta i grunnundervisninga.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillingaUniversitetet i Bergen er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stillinga som ph.d.-stipendiat

Samla stipendperiode er 4 år, der 25% av tida er karrierefremmande arbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 540 500 (tilsvarande lønstrinn 55). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. 
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål frå bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkrevd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • CV må innehalde spesifisert informasjon om dine norskkunnskapar eller frå eit skandinavisk språk 
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Magne Olav Sydnes, instituttleiar ved kjemisk institutt, magne.sydnes@uib.no, +47 55 58 33 60 eller 
  • Stig Valdersnes, førsteamanuensis II ved kjemisk institutt, stig.valdersnes@uib.no, +47 952 73 643

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgjevar Anna Folgerø, anna.folgero@uib.no. 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS