LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

2 x stipendiat i sosiologi

Søknadsfrist: 15.09.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiatar i sosiologi

Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til stilling som stipendiat ved Sosiologisk institutt. Stillingane er for ein åremålsperiode på 4 år, kor 25 % av samla tilsetjingstid er arbeidsplikt som skal utførast ved instituttet. Arbeidsstad for desse stillingane er i Bergen.

Sosiologisk institutt høyrer til Det samfunnsvitskaplege fakultetet og er del av eit stort samfunnsvitskapleg miljø som og omfattar samarbeid med andre sosiologimiljø nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har eit omfattande undervisningsansvar som inkluderer eit årsstudium, eit bachelor- og masterprogram og eit lektorprogram i samfunnsfag. Arbeidet ved instituttet bygger på lange forskingstradisjonar og representerer i dag ein brei forskingsprofil, mellom anna forsking om velferd, ungdom, familie, livsløp, mobilitet, ulikskap, migrasjon, arbeid og utdanning. Søkjarane vert bedne om å orientere seg om forskingsprofilen ved instituttet i utforminga av prosjektet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad i sosiologi. Graden må vera avlagt innan fristen for søknaden
  • Minstekravet for søkjarane skal normalt vere B, eller betre, både på masteroppgåva og for mastergraden som heilskap.
  • Kunne arbeide sjølvstendig, ha stor arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
  • Nytte engelsk skriftleg og munnleg
  • Kunne undervise på norsk eller et annet skandinavisk språk.

Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju.

Undervisningsspråket ved instituttet er til vanleg norsk, men noko av undervisninga blir og gjeven på engelsk.

For stillingane gjeld følgande:

Om stipendiatstillingane:

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om ph.d.-utdanninga:

Som stipendiat skal du delta i ph.d.-utdanninga ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, UiB. Utdanninga har ei normert tidsramme på 3 år, og leiar fram til ein ph.d.-grad. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av mastergraden må normalt vere på 120 studiepoeng og bygge på ein bachelorgrad på 180 studiepoeng (normalt 2+3 år), eller ein integrert mastergrad av 300 studiepoeng (5 år). I mastergraden skal det normalt inngå eit sjølvstendig arbeid av eit omfang på minimum 30 studiepoeng. Mastergraden skal normalt vere innan det fagområdet det vert søkt om opptak til.

Vi tilbyr:

  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017) ved tilsetjing. Dette utgjer for tida ei årsløn på NOK 491 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet
  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og undervisning
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Prosjektet:

Ei kortfatta prosjektskildring (5-8 sider) skal ligge føre saman med søknaden. Prosjektskildringa skal gjere greie for tema, problemstilling(ar) og val av teori og metode. Skildringa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet. Ved tilsetjing vil prosjektskildringa vere grunnlaget for opptak til ph.d.-utdanninga.

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • Prosjektskildring
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar (inkludert masteroppgåva)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge via link på denne sida "Søk stillinga".

Søknadsfrist: 15. september 2022.

Søknaden må merkast: 22/8428.

Søknader utan prosjektskildring eller søknader som vert sende på e-post vil ikke verte vurderte. Berre vedlagte dokument vil bli lagt til grunn for vurdering.

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Praktiske spørsmål kring søknadssprosessen kan rettast til HR-seniorkonsulent Hanne Cappelen - hanne.cappelen@uib.no.

Den som vert tilsett vil bli tatt opp i fakultetet si ph.d.- utdanning. Eventuelle spørsmål om ph.d.-utdanninga kan rettast til rådgjevar: Hanne Gravermoen - Hanne.Gravermoen@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS