LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i informasjonsvitenskap - AI

Søknadsfrist: 08.01.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i informasjonsvitskap

Ved Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som stipendiat i informasjonsvitskap. Tilsettinga er for fire år 25% av samla tilsettingstid er arbeidsplikt som skal utførast ved instituttet.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Vi ønsker spesielt kandidatar som vil arbeide i forskingsfronten innan kunstig intelligens, gjerne med et prosjekt innan maskinetikk, autonome system, forklarbarheit, rettferd, automatisert revisjon av ansvarlegheit, eller etisk innverknad av automatiserte avgjerdsprosessar.

Stipendiaten vil vere knytt til forskingsgruppa Logikk og Kunstig Intelligens.

https://www.uib.no/fg/lii

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande informasjonsvitskap, informatikk, kognitiv vitskap, logikk, eller tilsvarande.
  • Graden må vera avlagt innan søknadsfristen.
  • Minstekravet for søkjarane skal normalt vere B, eller betre, både på masteroppgåva og for mastergraden som heilhet
  • Erfaring fra vitskapleg arbeid er ei føremon
  • Gode kunnskapar i engelsk skriftleg og munnleg er ei føremon

Søkjar må kunne dokumentere bakgrunn i minst en av områda:

- maskinlæring

- logikk-programmering

- formell argumentasjon

- deontisk / normativ resonnering

- avgjerdsteori

- formell stadfesting

- moralsk filosofi

- differensial personvern

Dette kan være et kurs kandidaten har tatt eller et prosjekt kandidaten har fullført.

Den ideelle kandidaten har stor motivasjon for forsking, interesse for tematikken i prosjektet, og innsikt i relevante teoriar og metodar, kan arbeide sjølvstendig og strukturert og har gode samarbeidsevner. Gode kunnskapar i engelsk skriftleg og munnleg er ein føresetnad.

Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju.

For stillinga gjeldt følgande:

Samla stipendiatperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidligare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga:

Som stipendiat skal du delta i forskarutdanninga ved UiB. Utdanninga har ein normert tidsramme på 3 år, og leiar fram til ein ph.d.-grad. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av utdanningsbakgrunnen må minst svare til femårig, norsk masterutdanning, inklusive ein toårig mastergrad som omfattar ei masteroppgåve. Mastergraden skal være innen det fagområdet det søkes opptak om.

Prosjektet:

Kortfatta prosjektskildring (5-8 sider) skal ligge føre saman med søknaden. Prosjektskildringa skal gjere greie for tema, problemstillingar og val av teori og metode. Skildringa skal

innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet. Ved tilsetjing vil prosjektskildringa vere grunnlaget for opptak til forskarutdanninga.

Vi tilbyr:

  • Løn etter lønssteg 54 (Lpl.17.515, st. kode 1017) ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr. 482 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og undervising.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • Prosjektskildring
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Dersom du har mastergrad frå utanlandsk lærestad, eller 2-årig disiplinbasert mastergrad (eller tilsvarande) innan eit anna fagområde enn du vil bli knytt til, kan du verte bedne om å sende inn ein oversikt over pensum til den mastergraden du har oppnådd

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Søknader utan prosjektskisse eller søknader som vert sendt på e-post vil ikkje verte vurderte. Berre vedlagte dokument vil bli lagt til grunn for sakkyndig vurdering.

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Leif Ove larsen, e-post leif.larsen@uib.no, eller tlf.: 55 58 41 16

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til seniorkonsulent Bodil Hægland, tlf.: 55 58 90 53, e-post: bodil.hagland@uib.no.

Den som vert tilsett vil bli tatt opp i fakultetet si forskarutdanning. Nærare opplysningar om forskarutdanninga kan ein finna på http://link.uib.no/?TnwW. Eventuelle spørsmål om forskarutdanninga kan rettast til seniorkonsulent Hanne Gravermoen, e-mail: hanne.gravermoen@uib.no, phone: +47 55 58 90 68.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS