Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.
Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om HR-avdelinga her.
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorrådgjevar ved HR avdelinga (HMS)
Vi søkjer ein systematisk og samarbeidsorientert seniorrådgjevar i fast 100% stilling. Stillinga er lagt til seksjon for arbeidsmiljø og organisasjonsutvikling ved HR-avdelinga. Du blir ein del av ei aktivt og kompetent faggruppe med ansvar for utvikling, rådgjeving og opplæring innan HMS, beredskap og ytre miljø ved UiB. Vi ser no etter ein erfaren og dyktig medarbeidar som kan vere med på å ytterlegare styrke vårt fagmiljø og HR-avdelinga.
Arbeidsoppgåver:
Utvikle UiBs forebyggande og systematiske HMS-arbeid
Rådgiving innan systematisk HMS-arbeid
Koordinere og gjennomføre opplæring innan HMS
Leie eller delta i utrednings- og utviklingsoppgåver
Utvikle framtidsretta tjenester innan HMS
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Utdanning på masternivå (lang og relevant erfaring kan i nokre tilfelle erstatte krav om utdanning)
Relevant fagadministrativ praksis og spesialkompetanse på høgt nivå innanfor stillingas funksjonar
God digital kompetanse og god systemforståelse
Dokumentert prosjektleiarerfaring og gjennomføringsevne
Gode språk og kommunikasjonsegenskaper skriftlig og muntlig- også på digitale flater
Evner å skape eit godt samspel på tvers av faglege og organisatoriske grenser
Erfaring med å arbeide brukarorientert
Kan arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta -også i periodar med høgt tempo
Er ein god lagspelar og relasjonsbyggar
Vi kan tilby:
Interessante og utviklande oppgåver i eit stort og spennande fagmiljø
Eit engasjert, dynamisk og inkluderande arbeidsmiljø
Stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) i lønssteg 66-71 (for tida kr 597.000 - 658.300 brutto) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.
Søknaden skal innehalde:
Søknadsbrev, CV, vitnemål, attestar og referansar.
Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjon som ligge føre i JobbNorge når søknadsfristen går ut.