LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Seniorrådgjevar (Nestleiar HR) - Det medisinske fakultet

Søknadsfrist: 21.08.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorrådgivar

Ved Det medisinske fakultet er det ledig ei fast stilling (100 %) som seniorrådgjevar/nestleiar på HR-seksjonen. Seniorrådgjevaren rapporterer til seksjonssjef for HR-seksjonen.

Fakultetet har om lag 1 200 tilsette, fem institutt og to senter for framifrå forsking. Fakultetet har forskingsaktivitet på høgt internasjonalt nivå, og utdanningsprogram i medisin, odontologi, farmasi, ernæring og andre bachelor- og masterprogram i helserelaterte fag. Fakultetet samarbeider tett med sentrale aktørar i helsevesenet og med andre utdanningsinstitusjonar. Fakultetsadministrasjonen tel om lag 55 medarbeidarar. I tillegg kjem administrasjon for Globale samfunnsutfordringar (GSU, eit strategisk satsingsområde ved UiB) og Regional komité for forskingsetikk Vest (REK Vest).

Rekrutteringsseksjonen og personalseksjonen ved fakultetet er nyleg samanslege til ein HR-seksjon. Den nye seksjonen vil bestå av 13 tilsette og har ansvar for dei samla HR-tenestene på fakultetet. Dette omfattar personaladminstrasjon, rekrutteringsarbeid, rådgjeving for leiarar og tilsette innan eitt breitt spekter av HR-faglege spørsmål, samt saksførebuing for vedtaksførande organ.

Som seniorrådgjevar/nestleiar for HR-seksjonen skal du bidra til at det er gjennomgåande god HR-fagleg standard i eininga og at eininga yter gode tenester til fakultets- og instituttleiingane, forskarane og dei tilsette.

UiB arbeider med standardisering av administrative tenester. Dette gir spanande moglegheiter som vil påverke HR-arbeid framover.

Omfattande avgjerds- og ansvarsmynde er delegert til fakultetet, både innan økonomi- og personalforvaltning, så vel som innan studie- og forskingsadministrasjon. Fakultetsadministrasjonen førebur saker for fakultetsstyret i samråd med den faglege leiinga og har ansvar for iverksetjing av vedtak.

Arbeidsoppgåver:

  • vidareutvikle HR-feltet, i tett samarbeid med seksjonssjef og medarbeidarar i seksjonen, og gjennom god samhandling med interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • arbeidsleiing i samarbeid med seksjonssjef og fungering for seksjonssjef ved fravær
  • rådgjeving og administrativt arbeid av særskilt krevjande karakter
  • utviklings- og utgreiingsoppgåver
  • vidareutvikle rådgjevarkompetansen i seksjonen
  • pådrivar i arbeidet med å effektivisere, forbetre prosedyrar og arbeidsprosessar innan HR-feltet for heile fakultetet, mellom anna ved auka bruk av digitale løysingar og forbetringsprosessar
  • noko sakshandsaming kan og verta aktuelt  

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.  

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha mastergrad innan relevant fagområde, som for eksempel HR, juss, administrasjon, organisasjon- og leiing, organisasjonspsykologi. Lang relevant erfaring kombinert med relevant etter- og vidareutdanning innan relevant fagkrins kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • omfattande erfaring innan HR-feltet
  • erfaring med omstillings- og organisasjonsutviklingsarbeid
  • god digital forståing og kompetanse
  • gode skriftlege og munnlege ferdigheiter på norsk og engelsk
  • kompetanse og/eller utdanning innan forbetringsarbeid er ein føremon
  • leiarerfaring er ein føremon
  • kjennskap til offentleg forvalting og innsikt i universitets- og høgskulesektoren og relevante lov- og avtaleverk er ein føremon

Vi søkjer ein person som:

  • har evne til og ser verdien av effektiv saksbehandling og god arbeidsflyt, både internt i HR-seksjonen og i samarbeidet med instituttnivået
  • er oppteken av tillitsbasert leiing og leiing i omstilling
  • har stor grad av motivasjon og god evne til å motivere
  • ser moglegheiter, er initiativrik og har gjennomføringsevne
  • er serviceinnstilt, har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • har stor arbeidskapasitet, stor grad av sjølvstende og er løysingsorientert
  • har evne til og likar å tileigne seg nye ferdigheiter, er analytisk og arbeider systematisk

  Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga. 

Vi kan tilby:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø 
  • stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) blir lønt frå årslønn 605 000 – 660 000 kr. For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast 
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS