Ledig stilling på Universitetet i Stavanger

Rådgjevar internasjonal studentmobilitet

Søknadsfrist: 05.08.2020

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 1 800 tilsette. Vi er medlem av European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha en innovativ og internasjonal profil og vere ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet.


Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.

Om stillinga

Universitetet i Stavanger har ledig vikariat som rådgjevar innanfor internasjonal studentmobilitet ved Utdanningsavdelinga, Internasjonalt kontor fram til 31. juli 2022. Kontoret utfører støttetenester til internasjonalisering av utdanningsverksemda ved universitetet.

Rådgivar skal bidra til internasjonalisering av studieprogram og leggja til rette for internasjonal studentmobilitet, rettleia og saksbehandla til fakultet og fagmiljø, samt administrere utvekslingsprogrammer og avtaler.

Hovudoppgåver

  • utvikling, rådgjeving og saksbehandling innanfor
    • internasjonalt studietilbod for utanlandske studentar
    • tilpassing av studieplan for mobilitetsvindauge for utreisande studentar
    • internasjonale samarbeidsavtalar og mobilitetsprogram
  • rettleiing og informasjon til utvekslingsstudentar og til fagmiljø
  • kontakt med eksterne aktørar, delegasjonsbesøk og representasjon
  • kompetanse- og nettverksbygging internt og eksternt
  • søknadsbehandling for inn/utreisande studentar
  • marknadsføring og rekruttering knytt til studentutveksling
  • forenkle og digitalisere studentane sin søknadsprosess om utvekslingsopphald og vedlikehalde studentdata i universitetet sine databaser
  • kvalitetssikring: evaluering, rapportering, rutineutvikling, interne kurs

Kvalifikasjonar

Den som vert tilsett må ha:

  • relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå.
  • minimum fem års relevant erfaring
  • kjennskap til nasjonal og internasjonal utdanningspolitikk
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • god digital kompetanse og kunnskap om saksbehandlingssystem

Vidare blir det lagt vekt på at den som vert tilsett:

  • samarbeider godt med andre, deler kunnskap, erfaring og informasjon
  • er initiativrik og utviklingsorientert, tar ansvar og har gode gjennomføringsevner
  • har gode kommunikasjonsevner
  • har administrativ erfaring frå høgare utdanning
  • har godt kjennskap til Erasmus+ programmet
  • har erfaring med FS og Studentweb

Mangfald

Universitetet sine verdiar er å vera uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i vårt arbeids- og læringsmiljø, og er opptatt av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn. Universell utforming skal prega våre fysiske og digitale læringsmiljø, og arbeidsplassen vil om nødvendig bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.

Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utanfor arbeidslivet ein periode.

Universitetet i Stavanger vil tilsette fleire menn ved Internasjonalt kontor og oppmodar derfor spesielt menn til å søke.

Vi tilbyr

  • varierte arbeidsoppgåver i en stor, spennande og samfunnsviktig organisasjon
  • et ambisiøst arbeidsfellesskap og et inkluderande arbeidsmiljø
  • lønn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.500, kode 1434, kr 488.000-532.000 bto pr år. I særskilt tilfelle kan høgare lønn verta vurdert.
  • gunstige vilkår i Statens pensjonskasse
  • meir om godar for tilsette og fordelar på uis.no

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-konsulent Rosa Andrade, epost [email protected]

Søknad

Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert søknad og CV med relevant utdanning og arbeidserfaring registrert.

Relevante vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til skal lastast opp som vedlegg til søknaden. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman må dei komprimerast før opplasting. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Opplysningar og dokumentasjon som det skal tas omsyn til ved vurdering må vere registrert i JobbNorge innan utløpet av søknadsfristen.

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan verta offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å verta oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25.

UiS vurderer bare søknadar og vedlegg som er registrert i JobbNorge.

Søk stillinga