LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I STAVANGER

Rådgivar innanfor internasjonal studentmobilitet

Søknadsfrist: 01.12.2021

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 2 000 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha ein innovativ og internasjonal profil og vere ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområde.


I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Vi er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar.

Stavangerregionen har ein dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.

Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfte blikket, og våge å tenke stort og nytt - vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.

Om stillinga

Universitetet i Stavanger har ledig stilling som rådgivar innanfor internasjonal studentmobilitet ved Utdanningsavdelinga, Internasjonal seksjon frå 1.1.2022.

Stillinga vil inngå i institusjonelle nettverk og prosjekt innanfor fagfeltet. Den som vert tilsett vil få ansvar for å legge til rette for internasjonalt samarbeid og studentmobilitet ved UiS, her under rådgiving og saksbehandling til dedikerte fakultet og fagmiljø.

Hovudoppgåver

  • utvikling, rådgiving og saksbehandling knytt til internasjonalt studietilbod for utanlandske studentar
  • tilpassing av studieplan for mobilitetsvindauge for utvekslingsstudentar
  • internasjonale samarbeidsavtalar og mobilitetsprogram
  • søknadsbehandling inn/for utreisande studentar
  • administrasjon av utvekslingsprogram- og avtaler
  • digitalisering og forenkling av administrative prosessar og informasjon knytt til utvekslingsavtalar og studentmobilitet
  • holde kontakt med eksterne aktørar og samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • relevant utdanning på minimum bachelornivå. Særskild relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • fleire års relevant arbeidserfaring, fortrinnsvis frå UH-sektoren
  • god digital kompetanse og kunnskap om saksbehandlingssystem
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • erfaring som dokumenterer at du er proaktiv, resultatorientert og tar ansvar for gjennomføring av gode arbeidsprosessar

Vidare blir det lagt vekt på at du:

  • er serviceinnstilt, fleksibel og imøtekommande
  • har svært gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • har administrativ erfaring frå høgare utdanning
  • har godt kjennskap til Erasmus+ programmet
  • har erfaring med Felles Studentsystem, Studentweb eller ServiceNow
  • har kjennskap til nasjonal og internasjonal utdanningspolitikk

Vi tilbyr

  • varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • eit ambisiøst arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • løn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.500, kode 1434 , kr 516 000 - 615 000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare løn bli vurdert. Frå løna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
  • meir om gode for tilsette og fordelar på våre nettsider

Mangfald

Universitetet sine verdiar er å vere uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet vårt, og er opptatt av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn. Universell utforming skal prega dei fysiske og digitale læringsmiljøa våre, og arbeidsplassen vil om nødvendig bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.

Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utafor arbeidslivet ein periode.

Universitetet vil rekruttera fleire menn til avdelinga og oppmodar derfor spesielt menn til å søke. Dersom fleire søkjarar vert vurdert til å ha likeverdige kvalifikasjonar, vil ein menn bli prioritert føre ei kvinne.

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til seksjonssjef Bjarte Hoem, tlf: +47 51 83 30 77 eller 99 69 84 90 , e-post:bjarte.hoem@uis.no

Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-rådgivar Kaja Lillelien, tlf: +47 51 83 13 10, e-post: kaja.lillelien@uis.no

Søknad

Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.

Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.

Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25. Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.

UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS