LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Sikkerhetsrådgiver - Eigedomsavdelinga

Søknadsfrist: 30.11.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om eiendomsavdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Sikkerhetsrådgiver

Eigedomsavdelinga har ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av universitetet sin samla bygningsmasse, som omfattar rundt 95 bygningar med i alt 390.000 m2, inkl. innleige av 102.000 m2 . Avdelinga har om lag 100 tilsette og er organisert i seksjonane Drift, Prosjekt, Fagstøtte og Stab, Større satsingar. Avdelinga forvaltar eit driftsbudsjett på omlag 536 mill. og eit investeringsbudsjett på om lag 377 mill. Bygningsmassen er hovudsakleg lokalisert til Nygårdshøyden og Årstad/Haukeland og varierer frå verneverdige bygningar og kontoriserte bygardar, til moderne undervisningsbygg og avanserte laboratoriebygg.

Fagstøtte og Stab leverer spesialisttenester og administrative tenester til avdelinga. Til dømes tenester innan ENØK, vedlikehald, innkjøp/avtalar, informasjon/kommunikasjon, administrasjon, økonomi, HR, HMS, parkering og utleie. Seksjonen har i dag 10 stillingar, samt to lærlingar.

Eigedomsavdelinga ved Universitetet i Bergen søkjer ein erfaren Sikkerhetsrådgiver med gode kommunikasjonsevner og stor gjennomføringskraft.

Sikkerhetsrådgiveren vil leie arbeidet på UiB knytt til fysisk sikring av bygg og til ting- og verdisikring. I dette ligg det å utføre sårbarheits analyser og tryggleiks revisjonar, og å utarbeide prosedyrar innanfor ansvarsområdet i tråd med UiB sin overordna struktur og målsetting. Sikkerhetsrådgiveren vil inngå i ei ressursgruppe som planlegg, koordinerer og følgjer opp tryggleiksarbeidet overfor einingane ved UiB. Ressursgruppa består til dømes av tilsette på Eigedomsavdelinga og HR-avdelinga.

Arbeidsoppgåver:

Stillinga rapporterer til ass. eigedomsdirektør og vil ha følgjande arbeids- og ansvarsområde:

Knytt til fysisk sikring av bygg og til ting- og verdisikring

  • Oppbygging og revisjon av sikkerhetssystem
  • Tilrettelegging for risikokartlegging i einingane
  • Oppdatere UiB sin sikkerhetsstandard
  • Utarbeide og revidere sikkerhetsdokument
  • Gjennomføre sikkerhetsopplæring på alle nivå
  • Utarbeide kravspesifikasjonar og medverke i innkjøpsprosessar
  • Andre oppgåver kan leggast til stillinga

Saman med Eigedomsavdelinga og HR-avdelinga

  • Koordinere og kvalitetssikre sikkerhetsarbeidet ved UiB
  • Følgje opp og medverke ved oppfølging av avvik i verdiskringsarbeidet
  • Gjennomføre revisjonar og internkontroll på sikkerhetsfeltet

For Eigedomsavdelinga

  • Ha operativt ansvar for at Eigedomsavdelinga følgjer opp rutinar og internkontroll knytt til fysisk sikring av bygg og til ting- og verdisikring for Eigedomsavdelinga
  • Vere den som operativt koordinerer og leier internkontroll knytt til sikkerhet ved Eigedomsavdelinga
  • Sikkerhetsrådgiving og planlegging av sikringstiltak i bygg i prosjekter ved Eigedomsavdelinga
  • Vere den som koordinerer og følgjer opp heilheitleg internkontroll ved avdelinga

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjaren må ha følgjande kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning på universitets-/høgskulenivå. Det vert sett krav om mastergrad. Relevant realkompetanse kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i nokre tilfelle kompensere for utdanningskravet.
  • Omfattande relevant praksis og spesialkompetanse på høgt nivå tilpassa stillinga sine funksjonar.
  • Erfaring med sikkerhetsarbeid frå større verksemder
  • Gode formidlingseigenskapar både munnleg og skriftleg i norsk og engelsk

Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt og vi ser etter ein person med evne til å:

  • Formidle problemstillingar og til å arbeide godt saman med kollegaer med forskjellig fagleg bakgrunn
  • Skape engasjement for optimale løysingar innan sikkerheit som understøttar UiB sine miljøkrav, berekraftsmål og økonomiske målsettingar
  • Drive prosessar på tvers av organisasjonen
  • Ha pragmatisk tilnærming til problemløysing og gode strategiske evner
  • Vere løysingsorientert og sjølv gjennomføre aktivitetar og planar
  • Systematisk
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Hektisk arbeidsmiljø, stor kontaktflate mot kollegaer og brukarar
  • Samarbeid med avdelingas einingar
  • Eit inspirerande, inkluderande og triveleg arbeidsmiljø
  • Lønn som seniorrådgjevar (stillingskode 1364), ltr 63 – 70 for tida kr. 574 700 - 650 300 i det statlege lønsregulativet avhengig av kvalifikasjonar og bakgrunn. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdera høgare løn
  • Opplæring og moglegheit for vidareutdanning og utvikling
  • Gode velferdsordningar
  • Medlemsskap i Statens Pensjonskasse med god pensjons- og forsikringsordning
  • Bustadlån til gunstige vilkår i Statens Pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Eigedomsdirektør Kjartan Nesset, mob 959 12 831, mail: kjartan.nesset@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS