Rådgjevar (økonomikoordinator / controller) - Institutt for klinisk odontologi (IKO)
Søknadsfrist: 24.05.2020
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Rådgjevar
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi (IKO), er det ledig ei fast stilling som rådgjevar (økonomikoordinator/controller) (100 %) med tilsetjing snarast. IKO er eit av dei større institutta ved Universitetet i Bergen, og har omsetjing på nærare 130 mill. Instituttet har ein administrasjon på 20 personar, og 4 av desse er knytt til økonomiseksjonen. Ein femte person vil bli tilsett snarleg. Våre vitskapelege kollegaar driv med undervisning og forsking innan eit breitt spekter av fagområde innan tannhelse, og det er administrasjonen sin oppgåve å gje god administrativ støtte og oppfølging til den faglege verksemda. Instituttet inneheld også ein stor tannklinikk der studentane får si opplæring, og der ein har opp mot 400 pasientar dagleg i studentaktive periodar. Oppfølgjing av klinikkøkonomien er ein viktig del av rådgjevaren sitt ansvar.
Vår eksisterande koordinator skal no vidare til andre utfordringar, og vi søkjer difor ein ny kollega til å handtere vår travle og spennande økonomiseksjon. Rådgjevaren er arbeidsleiar ved økonomiseksjonen og samarbeider tett med administrasjonssjefen og instituttleiinga, så vel som våre vitskapelege tilsette og andre einingar ved Det medisinske fakultet og Universitetet i Bergen. Som tilsett vil du jobbe i ein høgt kompetent og inkluderande administrasjon i eitt spennande og dynamisk fagmiljø med dyktige folk. Vi søkjer deg som trivast i eit travelt miljø, som samarbeider og kommuniserer godt med andre og som har høg gjennomføringsevne.
Arbeidsoppgåver:
dagleg leiing av økonomiseksjonen
økonomioppfølging; ansvar for budsjettering og økonomirapportering
økonomistyring av ekstern- og internfinansierte forskingsprosjekt
støtte til forskarar ved søknader og drift av forskingsprosjekt
kvalitetsutvikling innanfor økonomiområdet
leiarstøtte og rådgjeving i økonomispørsmål til instituttleiinga og forskingsgruppeleiarane ved instituttet
utvikling og forbetringsarbeid av økonomiseksjonen og arbeidsmetodar
oppfølgjing av klinikkøkonomien
mogelegheiter for delegert personalansvar
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
søkjar må ha mastergrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
relevant erfaring frå tilsvarande verksemd er ønskeleg
god forståing og erfaring frå alle prosesser i prosjektøkonomi er ein føremon
gode ferdigheter i Excel
evne til å uttrykke deg godt skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk
gode samarbeidsevner og serviceinnstilling
Vi søkjer ein person som
har leiareigenskapar og kan motivera andre
er strukturert, målretta og har god gjennomføringsevne
er positiv og serviceinnstilt
har stor grad av sjølvstende og evne til problemløysing
har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
kan løyse oppgåver av særleg komplisert karakter som krev stor grad av samhandling og sjølvstende
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 58-64 (for tida kr 513 600 – 573 100). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.