LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Rådgjevar - Det samfunnsvitskaplege fakultet

Søknadsfrist: 16.04.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Vil du vere med å utvikle eit godt studiemiljø ved Det samfunnsvitskaplege fakultet?

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Rådgjevar

Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til fast stilling som rådgjevar i Studieseksjonen ved Det samfunnsvitskaplege fakultet.

Vi søkjer ein strukturert, positiv og omgjengeleg medarbeidar som vil vere med å bidra til utvikling av eit godt studiemiljø ved fakultetet. Den som blir tilsett vil få eit hovudansvar for sakshandsaming, koordinering og utvikling av eksamensfeltet ved fakultetet. Dette inneberer blant anna arbeid med forvaltningsspørsmål, reglement, læringsdesign og tekniske løysingar knytt til eksamen. Støttefunksjonen for fagmiljøa er viktig for dette ansvarsområdet. I tillegg har stillinga oppgåver knytt til forskarutdanninga, særleg til innlevering av avhandlinga og disputas.

Stillinga inngår i Studieseksjonen ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, som har om lag 10 årsverk. Seksjonen har det administrative ansvaret for koordinering, kvalitetssikring og utvikling av fakultetet sine studieprogram på bachelor-, master- og doktorgradsnivå, og gir råd og leiarstøtte i utdanningssaker ved fakultetet. Dette inneber blant anna rutineutvikling, strategisk arbeid og driftsoppgåver knytte til arbeid med studentinformasjon, utveksling, eksamen, opptak og tilrettelegging av studiekvardagen.

Arbeidsoppgåver:

  • Leiing av eksamensnettverket ved fakultetet, med overordna ansvar for kvalitet, drift og utvikling.
  • Rådgjeving og sakshandsaming i arbeid med eksamensreglement og forvaltningsspørsmål knytt til eksamensfeltet.
  • Oppfølging og rådgjeving av fagmiljøa i utviklinga av emne.
  • Oppgåver og sakshandsaming knytt til den siste fasen av ph.d.-utdanninga.
  • Deltaking i studieadministrative nettverk.
  • Utgreiings- og utviklingsoppgåver.
  • Studieadministrativ saksbehandling.

Innhaldet i stillinga kan bli endra som følgje av eininga sitt kontinuerlege utviklingsarbeid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du må ha utdanning på minimum masternivå. Lang og svært relevant erfaring kan kompensere for noko av utdanningskravet.
  • Du har erfaring med å løyse forvaltningsoppgåver, og røynsle med oppfølging av lovkrav, forskrifter og regelverk.
  • Studieadministrativ erfaring frå universitets- og høgskulesektoren og erfaring med prosjekt- og utviklingsarbeid er ein føremon.
  • Du har god administrativ IT-kompetanse og kjennskap til universitetet sine administrative system er ein føremon.
  • Du er systematisk og arbeider strukturert og sjølvstendig.
  • Du har god gjennomføringsevne og tar initiativ.
  • Du har gode formidlingsevner og har svært god evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk.
  • Du er ein lagspelar som er opptatt av gode prosessar og godt samspel med andre.

Ved intervju vil det bli lagt vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Eit godt arbeidsmiljø og spennande arbeidsoppgåver ved eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt.
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
  • Løn som rådgjevar etter kode 1434 etter hovudtariffavtalene i staten, for tida mellom 573 900 og 604 400 (ltr. 62-65). For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn bli vurdert.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

Søknad, CV, attestar og vitnemål skal sendast elektronisk via «Søk stillinga».

Søknaden skal merkast 2023/4094

Søknadsfrist: 16. april 2023

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS