LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Prosjektøkonom (rådgjevar)

Søknadsfrist: 25.09.2024

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Prosjektøkonom (rådgjevar)

Vi har ledig ei spennande fast stilling som prosjektøkonom (100 %) ved Det medisinske fakultet på Klinisk institutt 1 / Klinisk institutt 2 med tilsetjing så snart som mogleg.

Klinisk institutt 1 og Klinisk institutt 2 har til saman omlag 600 tilsette, vi har stor forskingsaktivitet og vektlegg forsking som tar utgangspunkt i kliniske problemstillingar. Hos oss får du moglegheit til å jobbe med spennande økonomiske utfordringar og prosjekter. Det er administrasjonens oppgåve å gje god administrativ støtte og oppfølging til den faglege verksemda. Vi forvaltar eit budsjett på over 300 millionar kroner, kor om lag 180 millionar er eksterne midlar. 

Arbeidsoppgåver:

  • Økonomistyring av ekstern- og internfinansierte prosjekter, her under ansvar for budsjettering, avviksbehandling og ekstern og intern økonomirapportering
  • Støtte og oppfølging knytt til prosjekta i ulike fasar; søknads-, kontrakts-, drifts- og avslutningsfasen
  • Støtte og rådgiving i økonomispørsmål ved institutta
  • Kvalitetsutvikling innanfor økonomiområdet
  • Regnskaps- og økonomiarbeid som handtering av bestillingar og fakturabehandling (inngåande og utgåande)
  • Saksbehandlingsoppgåver, utgreiings- og utviklingsoppgåver som krev stor grad av sjølvstende og problemløysing 
  • Bidra til prosess og rutineforbetringar
  • Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha høgare utdanning innan økonomi og administrasjon, minimum bachelor frå universitet eller høgskule med relevant fagkrins.. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.

Vi søkjer deg som har følgande kvalifikasjonar:

  • erfaring frå økonomioppfølging og rådgjeving i prosjekter
  • erfaring frå rapportering til ulike finansieringskjelder, spesielt Norges Forskningsråd og EU
  • erfaring frå å sette seg inn i komplekse regelverk
  • erfaring med økonomiarbeid frå tilsvarande verksemd og kjennskap til universitetssektoren er ein fordel
  • svært god skriftleg og munnleg framstillings- og kommunikasjonsevne både på norsk og engelsk
  • god rekneskaps- og tallforståing 
  • god digital kompetanse og gode ferdigheiter i bruk av Excel
  • ynskjeleg med erfaring frå og kjennskap til universitets- og høgskulesektoren
  • ynskjeleg med kjennskap til Unit4-ERP eller liknande system

Vi søkjer ein person som

  • har stor grad av sjølvstende og evne til problemløysing 
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar 
  • har evne til å tileigne seg nye ferdigheiter 
  • er serviceinnstilt og tek initiativ
  • har stor grad av sjølvstende og evne til problemløysing
  • er sjølvstendig, men samarbeider og godt med andre, innan same fag og på tvers av fag
  • er strukturert og effektiv og trivest med å handtere mange oppgåver samtidig, planlagde og uforutsette
  • er analytisk og løysningsorientert

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn som rådgjevar (kode 1434) i årsløn frå kr 615 700 – 759 100 (lønssteg 63- 75) avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar
  • Fleksibel abeidstid og moglegheit for heimekontor ein dag i veka

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS