Seniorkonsulent studieadministrasjon ved Det juridiske fakultet (vikariat)
Søknadsfrist: 02.02.2025
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Ei av Noregs mest populære utdanningar treng fleire dyktige administrative medarbeidarar
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent (studieadministrasjon)
Bli ein del av vårt tverrfaglege studieadministrative miljø som jobbar for å utdanne framtidas juristar. Vi tilbyr eit støttande og inkluderande arbeidsmiljø med utviklingsmoglegheiter.
I studieseksjonen ved Det juridiske fakultet er det ledig eit eittårs vikariat i 100 % stilling som seniorkonsulent, med moglegheit for forlenging. Tiltreding så raskt som mogleg.
Du blir del av eit engasjert og kompetent team som legg til rette for eit godt studieløp for studentane og bidrar til å ivareta fakultetet sitt samfunnsoppdrag. Vi er stolte av studiet fakultetet tilbyr, og masterprogrammet i rettsvitskap har vunne fleire prisar. Som ledd i det kontinuerlege kvalitetsarbeidet implementerte vi ny studieordning i 2021, og prosessen held fram ut vårsemesteret 2026.
Arbeidsoppgåver
Stillinga inneber eit brett spekter av studieadministrative oppgåver, til dømes
Administrative oppgåver som støttar undervisningsaktivitetar for studentar og undervisarar
Koordineringsarbeid knytt til eksamenar og sensur
Saksbehandling av studiesakar
Studentinformasjon
Avlaste kollegaer med ulike oppgåver ved arbeidstoppar og fråvær
Denne stillinga er ideell for deg som er fleksibel og trivst med variasjon. Du må kunne skifte fokus raskt og halde hovudet kaldt i hektiske periodar, og samstundes jobbe effektivt og nøyaktig. Vi ønskjer oss ein person som kan ta initiativ til forbetringar, og bidra positivt i både det faglege og det sosiale fellesskapet.
Alle tilsette i administrasjonen må, i tillegg til spesifikke funksjonar som ligg til stillinga, ivareta andre administrative oppgåver.
Fakultetet har eit høgt aktivitetsnivå gjennom heile året, også om sommaren. Det kan derfor vere at du ikkje kan ta ut hovudferien din i juli.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Du har
minimum bachelorgrad, men mastergrad er ein føremon. Kandidatar frå alle fagområde blir oppmoda til å søkje, og du treng ikkje ha juridiske emne i graden
erfaring frå administrativt arbeid, til dømes saksbehandling, prosjektarbeid og rettleiingsarbeid, er ein føremon. Har du erfaring frå organisasjons- og servicearbeid er dette også relevant
generelt god IT-kompetanse
Du er
ein som gjennomfører, og evner å arbeide sjølvstendig
lærevillig og effektiv
fleksibel, ansvarsbevisst og sjølvgåande
god til å prioritere, og trivst med å halde orden på fleire parallelle prosessar og aktivitetar
dyktig til å formulere deg både skriftleg og munnleg på norsk (begge målformer) og engelsk
ein med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Vi legg særskild vekt på relevant erfaring og personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby
Varierte og utfordrande oppgåver
Hyggelege, engasjerte og dyktige kollegaer og eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
Løn kr. 557 100 – 615 700 per år før skatt avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn
Generell informasjon
Aktuelle kandidatar vil bli kontakta i veke 6, og vi planlegg å starte med intervjuar så raskt som mogleg.
Utfyllande opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til:
Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga og vere førebudd på at arbeidsoppgåver kan bli endra over tid.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad og CV skal sendast elektronisk via lenka ”Søk stillinga”.
Nærare informasjon om tilsettingsprosessen finn du her.