LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Prosjektøkonom – rådgjevar ved Det humanistiske fakultet

Søknadsfrist: 20.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Prosjektøkonom – rådgjevar ved Det humanistiske fakultet

Økonomiseksjonen ved Det humanistiske fakultet treng ein dyktig og motivert prosjektøkonom så snart som mogeleg. Fakultetet ønskjer å auke aktiviteten dei neste åra gjennom vekst i eksternfinansierte prosjekt. Prosjekta er stort sett innan forsking, men er òg knytt til vidareutdanning eller opplæringssektoren. Dei største finansieringskjeldene er Noregs Forskingsråd, EU-kommisjonen og offentlege organ.

Fakultetet har fire institutt og to sentre. Prosjektøkonomen vert ein del av økonomiseksjonen som har ti tilsette og er ein del av fakultetsadministrasjonen. Økonomiseksjonen har ansvar for totaløkonomien for fakultetet og institutta (grunnløyving og eksternfinansiert verksemd) og prosjektøkonomi (eksternfinansiert verksemd). I tillegg har vi innkjøpsfunksjon og oppfølging av fakultetsadministrasjonen.

Arbeidsoppgåver

Prosjektøkonomen vil følgje sine prosjekt frå A til Å, frå søknadsarbeid til oppstart, oppfølging og avslutning. I alle desse fasane er det svært viktig å forstå og forklare verknaden prosjekta har på grunnløyvinga og totaløkonomien, og å ha eit overordna blikk på porteføljen i samband med budsjettering og rapportering.

Eksempel på arbeidsoppgåver:

  • Støtte prosjektleiar i søknadsfasen ved å gi råd og lage prosjektbudsjett til diverse søknadsportalar. Berekne framtidige effektar på totaløkonomien og formidle dette til institutt- og fakultetsleiing.
  • Opprette og avslutte prosjekt i gjeldande prosjektmodul. Budsjettere og formidle økonomiske konsekvensar for andre delar av økonomien.
  • Følge opp prosjekta i heile levetida og halde dei à jour: jamleg oppfølging mot kontrakt og budsjett, bokføre fakturaer og enkelte typar lønskostnader, fakturering, dialog og rapportering til prosjektleiar, finansieringskjelde og institutt/fakultet.
  • Opparbeide særskilt kompetanse om enkelte prosjekttypar og einingar ved fakultetet.
  • Utvikle samarbeidet om eksternfinansiering, både internt på seksjonen, med andre funksjonar og med leiinga.
  • Sikre kvalitet på rutinar for budsjettering og rapportering for eksternfinansierte prosjekt og følgjene på grunnløyvinga. Gjere modellar og rutinar knytt til prosjektarbeid betre.
  • Bidra til andre driftsoppgåver som seksjonen har ansvar for, til dømes i UiBhjelp samt andre laupande oppgåver eller analysar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Mastergrad i økonomiske fag
  • Relevant erfaring
  • God forståing for tal og økonomi
  • Brei røynsle i bruk av Excel og generell IT-/systemkunnskap
  • Evne til å forstå kontraktar og utlysingar for forskingsprosjekt på norsk og engelsk
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på begge målformer, samt engelsk
  • Gode samarbeidsevner og sjølvstende
  • Fleksibilitet, motivasjon og serviceinnstilling

I vurderinga av søkjarane blir det lagt stor vekt på dei personlege kvalifikasjonane som trengst i stillinga.

Vi tilbyr

  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, utfordrande arbeidsoppgåver og høve til utvikling og kompetanseheving
  • Løn tilsvarande lønssteg 60-65 (kode 1434 rådgjevar) i Statens regulativ, for tida kr. 543 100 – 593 900. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Ei stor kontaktflate i organisasjonen
  • Erfarne kollegaer som deler kunnskap
  • Fleksitid og gode velferdsordningar
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse

Generell informasjon

Nærare informasjon om stillinga får du ved å vende deg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK STILLINGEN».

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS