PhD-koordinator / forskingsrådgivar ved Det samfunnsvitskaplege fakultet
Søknadsfrist: 31.10.2021
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
PhD-koordinator/forskingsrådgivar
Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til ei fast stilling som PhD-koordinator/forskingsrådgivar (rådgivar/1434) ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Stillinga vil vere knytt til fellesadministrasjonen for Institutt for samanliknande politikk, Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap og Sosiologisk institutt.
Til saman har desse tre institutta ei stor og mangfalding portefølje av eksternfinansierte prosjekt, men finansiering frå både EU, NFR, DIKU, Norad og andre kjelder. Med desse prosjekta kommer og ei rekkje rekrutteringsstillingar (stipendiat og postdoktor) til institutta.Ved fellesadministrasjonen er det derfor ei nyoppretta stilling med hovudarbeidsområde knytt til både forskingsrådgiving og koordinering av PhD-programma ved dei tre institutta, samt eventuelle framtidige fellesinitiativ.
Sidan dette er ei nyoppretta stilling vil den gje gode høve til utvikling for den rette kandidaten. Vi ønskjer oppstart snarast mogleg.
Arbeidsoppgåver:
Oppgåver knytt til doktorgradsprogramma:
Oppfølging av tilsette i rekrutteringsstillingar (både stipendiatar og postdoktorar) ved de tre institutta i Christiesgate
Koordinere nye fellessatsingar på doktorgradsnivå
Administrativ assistanse i planlegging og gjennomføring av doktorgradskurs
Gjennomføring av disputasar
Andre forskingsrelaterte oppgåver:
Være sekretær for forskingsutval ved institutta
Forskingsrelatert kommunikasjon og formidling
Assistanse om mot søknadsfristar om forskingsmidlar
Generelle oppgåver:
Saksførebuing og oppfølging, strategisk utviklingsarbeid, rapportering, utrednings- og analyseoppgåver knytt til ansvarsområdet
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Utdanning på minimum mastergradnivå.
Erfaring frå forsking, forskingsadministrasjon eller utdanningsadministrasjon
God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
God administrativ IT-kompetanse. Kjennskap til universitetet sine administrative system er ein føremon
Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Evne til å vere fleksibel, ansvarleg og imøtekommande
Ved intervju vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver ved eit internasjonalt forskingsuniversitet med store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
Løn som rådgivar (kode 1434) i lønssteg 62-65 (for tida kr. 563 900 – 594 300 brutto) i det statlege lønsregulativet.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.