Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.
Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om HR-avdelinga her.
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
HR-rådgjevar
HR-avdelinga ønskjer deg velkomen til å søkje fast stilling som rådgjevar ved Seksjon for HR-fellestenester.
HR-avdelinga si oppgåve er å yte god HR-fagleg service til leiinga og tilsette. Du vil ha ein viktig funksjon som rådgjevar og samtalepart i alle HR-relaterte saker. Rekruttering utgjer ein stor del av stillinga, dette krev tett samarbeid på alle trinn i prosessen. I tillegg er det andre personaladministrative oppgåver som å følgja opp ulike førespurnadar frå leiarar, tilsette, og søkjarar på arbeidsfeltet.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Rådgjeving og sakshandsaming i rekrutteringsprosessar frå utlysing til tilsetting
Leiarstøtte innan HR og personaladministrativ sakshandsaming
Utvikling og kvalitetssikring av HR-prosessar
Administrasjonsoppgåvene ved UiB er under kontinuerleg utvikling, og oppgåvene kan difor verte endra.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Utdanning på mastergradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
Du må ha relevant erfaring frå personal- og HR-arbeid, gjerne frå universitet eller høgskule
Du bør ha god kjennskap til statleg forvalting og regelverk
God digital kompetanse
God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Vi søkjer ein medarbeidar som:
har stor grad av sjølvstende i arbeidet, og er ansvarleg og løysingsorientert
har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
arbeider nøyaktig og systematisk, og har evne til å prioritere
har ei god serviceinnstilling
er raus og inkluderande
Det vil bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
Spennande arbeidsoppgåver med mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 60 - 65 (for tida kr 543 500 - 594 300 brutto) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Faggruppeleiar Mona Grindheim Matre, tlf. nr. 944 97 334, eller
Seksjonsleiar Janne Marie Solheimslid, tlf. nr. 918 19 544
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.