LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

HR-rådgjevar (Fakultetsadministrasjon)

Søknadsfrist: 29.09.2024

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

HR-rådgjevar

HR-seksjonen har no ledig ei fast 100 % stilling som HR-rådgjevar. 

Vil du vere med på laget? HR-Seksjonen si oppgåve er å yte gode HR-faglege tenester til dei sju institutta ved fakultetet, samt til leiinga og tilsette ved fakultetsadministrasjonen. Rolla som HR-rådgjevar gjer høve til personleg og fagleg utvikling gjennom utviklingsarbeid og samarbeid med andre einingar ved UiB. 

Som HR-rådgjevar inngår du i fakultetsadministrasjonen med om lag 55 tilsette fordelt på fire seksjonar; HR, økonomi, studie samt stab og leiing. Stillinga ligg i HR-seksjonen der du vil vere ein av 11 medarbeidarar med seksjonssjef som næraste leiar. HR-rådgjevarane i seksjonen har kvart sitt dedikerte institutt som dei er primærkontakt for. 

Som HR rådgjevar i eit fakultet med mange tilsette og høg aktivitet innanfor forsking og utdanning, vil rekruttering utgjere ein stor del av dine oppgåver. I universitetssamanheng er dette ein spennande prosess som vi stadig vidareutviklar og forbetrar. Rekrutteringsarbeid krev tett samarbeid med både dei vitskaplege tilsette og instituttleiinga. Som HRmedarbeidar vil du og ha ein viktig funksjon som rådgjevar, kvalitetssikrar og samtalepartnar prosessar knytt til personaloppfølging. Vi treng medarbeidarar som er aktive og framoverlente i rolla si, og som har eit ønske om å vidareutvikle universitetet som arbeidsgjevar gjennom å vere ein premissleverandør på HR-feltet.

Arbeidsoppgåver:

Som HR-rådgjevar vil du mellom anna bidra med 

  • Rådgjeving og sakshandsaming i rekrutteringsprosessar 
  • HR-fagleg leiarstøtte og rettleiing 
  • HR-analyser 
  • Sakshandsaming knytt til personalforvaltning 
  • Utarbeide saker til fakultetsstyre, tilsettingsutval og forhandlingsutval 
  • Onboarding av nye medarbeidarar 
  • Bidra til fagleg utvikling internt i seksjonen og saman med andre einingar, herunder rutineutvikling
  • Utgreiings- og utviklingsoppgåver innan særskilte kompetansefelt knytt til HR seksjonen 
  • Prosjektarbeid og rapportering, inkludert prosjektleiing og leiing av arbeidsgrupper

Dei administrative tenestene ved UiB er under kontinuerleg utvikling, og oppgåvene kan difor verte endra over tid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar 

Du må ha 

  • Utdanning på masternivå innan relevante fag, eller relevant utdanning på bachelornivå med gode resultat kombinert med relevant erfaring. Relevante fag er HR, leiing, juss, administrasjon, psykologi og organisasjonsvitskap. 
  • God digital kompetanse, og vilje til å ta i bruk nye digitale verktøy og arbeidsmetodikk 
  • Relevant praksis frå HR-stilling 
  • Kjennskap til relevant lov- og avtaleverk 
  • God formuleringsevne både skriftleg og munnleg 
  • Gode norskkunnskapar (bokmål og nynorsk) 
  • Gode engelskkunnskapar

Du bør ha 

  • Erfaring frå sakshandsaming 
  • Erfaring frå offentleg forvaltning - helst universitets- og høgskulesektoren 
  • Erfaring frå prosess- og utviklingsarbeid

Personlege eigenskapar 

Du må vere 

  • initiativrik og utviklingsorientert 
  • god på samarbeid og kunnskapsdeling 
  • fleksibel 
  • løysingsorientert 
  • oppteken av kvalitet i eige arbeid 

Personlege eigenskapar som er naudsynt for stillinga, vil bli vektlagde.

Vi kan tilby:

  • Utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø 
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med dyktige og sosiale kollegaer 
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn mellom kr. 624 500,- kr. 679 700, - (svarar til lønssteg 64-69), avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse med høve til bustadlån 
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode velferdsordningar
  • Høve til avtale om ein dag heimekontor per veke

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane om moderat kjønnskvotering.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS