LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskingsrådgjevar ved Institutt for samfunnspsykologi

Søknadsfrist: 11.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Rådgjevar

Ved Institutt for samfunnspsykologi, Det psykologiske fakultet, er det ledig ei stilling som rådgjevar.

50% av stillinga er dei første 6 åra knytt til ERC Synergy Grant prosjektet QUANTA. Denne stillinga vil ha det administrative hovudansvaret for å koordinere prosjektet ved UiB, og det administrative koordineringsarbeidet inn mot dei internasjonale samarbeidspartane i prosjektet. I tillegg er 20% av stillinga dei 2 første åra knytt til administrative arbeidsoppgåver ved Forskingssenter for søvn, arbeid og helse og resterande 30% av stillinga er knytt til instituttet sin resterande forskingsportefølje.

Forskingsrådgjevaren vil inngå som ein del av og jobbe tett med instituttet sin administrasjon som består av ein administrasjonssjef og to førstekonsulentstillingar, og vil også jobbe tett opp mot fagområde på fakultetet og UiB sentralt innan forsking, økonomi og HR.

Arbeidsoppgåver:

  • Hovudansvar for å koordinere instituttet sitt ERC Synergi Grant QUANTA og støtte prosjektleiar i alle deler av koordineringa av prosjektet
  • Etablere og ha ansvar for intern- og eksternkommunikasjon og informasjons-innhenting knytt til ERC-prosjektet.
  • Følge opp aktivitetane i ERC-prosjektet, og særleg sjå til at alle leveransar går som dei skal og at milepælar følgjer tidsplan.
  • Ansvar for inngåing av samarbeidsavtalar, kontraktar og årsrapportering knytt til Forskingssenter for søvn, arbeid og helse
  • Ansvar for nettsider og sosiale media for ERC-prosjektet og Forskingssenter for søvn, arbeid og helse
  • Organisere prosjektmøter og samlingar for ERC-prosjektet og Forskingssenter for søvn, arbeid og helse
  • Inngåing og oppfølging av forskingskontraktar for forskingsprosjekt ved Institutt for samfunnspsykologi
  • Rådgjeving og bistand til forskingsgrupper og enkeltforskarar på instituttet ved søknader om eksterne midlar i samarbeid med BOA-teamet på fakultetet

Andre arbeidsoppgåver kan i noko grad kome i tillegg sidan denne stillinga blir ein del av ein instituttadministrasjon som totalt sett har eit vidt omfang av ulike administrative oppgåver knytt til instituttet. Arbeidsoppgåvene vil også endrast over tid sidan dette er ei stilling som er 50% knytt til eit eksternfinansiert prosjekt med ein sluttdato.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Vi søker ein rådgjevar som:

  • har høgre utdanning på mastergradsnivå, eventuelt med særleg erfaring og kompetanse tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekkje.
  • har evne til å motivere og fremje samarbeid mellom forskarar på tvers av fagmiljø.
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, fleksibilitet og serviceinnstilling.
  • har evne og vilje til raskt å setja seg inn i nye saksfelt, vere kvalitetsbevisst, kunne arbeide strategisk, strukturert og målretta innan fristar og ta initiativ som svarar på dei behova som dukkar opp.
  • har god skriftleg og munnleg framstillingsevne, både i norsk og engelsk.
  • har god kjennskap til universitetssystemet, forskingsfinansiering og relevante eksterne samarbeidspartnarar.
  • Erfaring frå sakshandsaming innan offentleg forvalting, utgreiingsoppgåver og kjennskap til fagmiljø ved fakultetet er ein føremon.

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 58 - 66. Dette utgjer for tida kr 524 900 - 604 700 i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • administrasjonssjef Anlaug Lid, Institutt for samfunnspsykologi, 55 58 32 11, anlaug.lid@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV eller personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Opplysningar om nedsatt funksjonsevne eller hol i CV, kan verte brukt til registreringsføremål i Universitetet i Bergen sin inkluderingsdugnad.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS