Forskingskoordinator ved Centre for Research om Discretion and Paternalism
Søknadsfrist: 25.09.2022
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Rådgjevar
Centre for Research on Discretion and Paternalism er eit tverrfagleg og internasjonalt orientert forskingssenter ved Institutt for politikk og forvaltning.
Målsettinga med senteret er å utvikle grensesprengande kunnskap om forholdet mellom staten og individet, med særleg fokus på velferdsstatens legitimitet, statens maktutøving overfor innbyggarane og korleis slike inngrep blir rettferdiggjort. Empirisk er barns rettar og vilkår i samfunnet sentrale forskingstema.
Senteret har høge ambisjonar for utviding av kunnskapen på feltet, og leiar fleire store forskingsprosjekt finansiert av Det europeiske forskingsrådet og Norges forskingsråd. Vi søkjer nå ein dyktig forskingskoordinator som vil få eit variert og utfordrande arbeid med å legge til rette for forsking av høg kvalitet. Dette er ei fast stilling der både vitskapleg kompetanse og organisatorisk-administrativ erfaring vil komme til nytte.
Den som tiltrer i stillinga vil arbeide med å utvikle forskingssenteret, koordinere pågåande forskingsprosjekt og synleggjere aktivitetane på senteret ovanfor samfunnet. Forskingskoordinatoren skal arbeide tett med og rapportere til senterleiar. Stillinga er formelt lagt til fellesadministrasjonen for Politikk og forvaltning, Samanliknande politikk og Sosiologi kor administrasjonssjefen er leiar.
Det daglege tilsyn med og koordinering av senteret si verksemd i samsvar med forskingsprosjektas målsettingar og senterleiar sine behov. Det er fire hovudarbeidsområder for stillinga:
Forskingsstrategiske oppgåver:
Være orientert om utlysingar og fristar, planlegge og medverke i søknadsprosessar
Utvikle forskingsstrategiane for senteret og legge til rette for eit godt og produktivt forskingsmiljø
Handtere kontakt med samarbeidspartnarar og vedlikehalde senterets forskingsnettverk
Prosjektleiarstøtte:
Hjelpe PI med økonomistyring, planlegging og rapportering i forskingsprosjekta
Handtere forplikting til personvern, datahandtering og open forsking Koordinere og organisere ulike arrangement, workshops og konferansar
Organisere informasjonsflyt mellom partane i prosjekta og med administrative støttefunksjonar på fakultetet og sentralt
Hjelpe med innkjøp og anbod knytt til prosjekta
Kommunikasjonsstrategiske oppgåver:
Profilere og promotere forskinga og forskarane på senteret
Utvikle, vedlikehalde og produsere innhald til nettside
Utforme nyheitsbrev og drifte senterets kontoar i sosiale media
Administrative oppgåver:
Planlegging av interne møter og aktivitetar Ivareta fysiske omgivnader og teknisk infrastruktur for senteret
Medverke til koordinering og arbeidsleiing av dei administrative tenestene knytt til senteret
Utvikle og vedlikehalde rutinar, retningsliner og kvalitetssikring på senteret
Medverke til rekruttering og oppfølging av personale og gjester på senteret
Korrespondanse og variert sakshandsaming
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha mastergrad i statvitenskap, sosiologi eller mediefag, men øvrige samfunnsvitskaplege fag er også av interesse
Kjennskap til universitets- og høgskolesektoren og forståing for vitskapleg verksemd vil bli vektlagt
Relevant erfaring med forskingsfinansiering og prosjektstyring tel positivt
Solid digital kompetanse og særs god skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk og engelsk er eit krav
Stillinga krev evne å være fleksibel, ta initiativ og ansvar og arbeide sjølvstendig, systematisk og effektivt
Gode kommunikasjons- og formidlingsevner er viktig og blir vektlagt
I periodar vil det være høgt arbeidstempo som krev evne til å handtere fleire oppgåver samtidig
Samarbeidsevner og serviceinnstilling er naudsynt
Personlege eigenskapar nødvendig for stillinga vil bli særskilt vektlagde.
Vi kan tilby:
Løn som rådgjevar, st. kode 1434, etter kvalifikasjonar (mellom kr. 570000 – 610000 brutto)
Søknad, CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk via «søk stillinga».
Søknadsfristen er 25. september 2022, og søknaden skal merkast 22/12816.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.