Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om eiendomsavdelinga her.
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Om stillinga:
Universitetet i Bergen er med sine 20 000 studentar og vel 4500 tilsette eit mellomstort europeisk universitet. Sentrale delar av campus ligg i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både ein lærestad og ein forskingsinstitusjon som dekker dei fleste fagområde, organisert i sju fakultet og rundt 40 institutt og faglege senter. Universitetet i Bergen er òg ein del av eit globalt nettverk av studentar, forskarar og kunnskapsinstitusjonar.
Eigedomsavdelinga (EIA) har ansvar for forvaltning, utvikling, drift og vedlikehald av universitetet sin samla bygningsmasse med rundt 95 bygningar og over 400 000 m2, inkl. innleige av ca. 130 000 m2. Avdelinga har om lag 100 tilsette og er organisert i seksjonane Drift, Prosjekt, Større satsingar og seksjon for Fagstøtte og Stab. Bygningsmassen er hovudsakleg lokalisert til Nygårdshøyden og Årstad/Haukeland og varierer frå verneverdige bygningar og kontoriserte bygardar, til moderne undervisningsbygg og avanserte laboratoriebygg.
Prosjektseksjonen har ansvar for arealforvaltning i tillegg til det administrative ansvaret for gjennomføring av nybygg, ombyggingar, rehabilitering, vedlikehaldsprosjekt, miljø og Interiør. Seksjonen omfattar i dag 21 stillingar, deriblant tre stillingar i eining for strategisk eigedom- og arealstyring (arealgruppa). Arealgruppa skal styrkast med ei ny stilling.
Eigedomsrådgjevar
Eigedomsavdelinga ved UiB søkjer eigedomsrådgjevar til ei fast 100 % stilling tilknytt gruppe for strategisk eigedoms- og arealstyring (arealgruppa).
Eigedomsavdelinga er ein profesjonell eigedomsforvaltar, leigetakar og byggherre i Bergen. Vi søkjer ein dyktig og motivert kollega for å handtere delar av porteføljen og legge til rette for det best mogelege lærings- og forskings-miljøet for våre studentar og forskarar.
Med ansvar for nær 100 bygg, frå byvillaer til idrettsanlegg og avanserte laboratoriebygg, tør vi påstå at vi er en av Bergens mest spanande arbeidsplassar for deg med interesse for eigedom. Hjå oss blir du ein del av flinke, framtidsretta kollegaer med brei og variert kompetanse som spenner om heile fagfeltet.
UiB har ei rekkje bygg med kulturhistoriske og arkitektoniske kvalitetar som det er viktig å ta vare på. Vi har miljø høgt på agendaen og arbeider kontinuerleg med utnytting, gjenbruk og tilpassing av eksisterande lokale med mål om å bli klimanøytrale.
Som eigedomsrådgjevar bidreg du til å halde oversikt over viktig styringsinformasjon som arealbehov, kontraktar, eigedomar og vesentlege kostnadstal. Eigedomsrådgjevarane er EIA sitt faste kontaktpunkt med ulike brukarmiljø. Arealgruppa arbeider for ei samordna arealforvalting på tvers i Eigedomsavdelinga med mål om å levere areal som underbygger kjerneverksemd av høg kvalitet for studentar, tilsette og øvrige brukarar.
Arbeidsoppgåver:
Stillinga rapporterer til leiar av gruppe for strategisk eigedoms- og arealstyring og har mellom anna fylgjande arbeids- og ansvarsområde:
Ansvar for tildelt eigedomsportefølje
Ha oversikt over nøyaktige endringsdata tilknytta arealbruk
Fast kontaktpunkt for langsiktig oppfølging av brukarmiljøa sine arealbehov i porteføljen
Utarbeide analyser og utredningar om areal, arealbruk, kostnader, klimarisiko og utviklings-scenario som grunnlag for heilskapleg styring og utvikling av UiB sine areal, eigedomar og campusområder
Arbeide for kostnadseffektiv forvaltning av eigedomane
Arbeide for betre utnytting, gjenbruk og tilpassing av eksisterande lokale
Forvalte internhusleigeordninga og halde leigekontraktar oppdatert
Koordinering i flytteprosesser
Arealoptimalisering
Oversikt og oppfølging av inn- og utleigekontraktar
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjaren må ha følgjande kvalifikasjonar:
Utdanning tilsvarande masternivå innan eigedomsfag, juridiske fag, ingeniørfag, samfunnsvitskap eller økonomi. Realkompetanse med relevans for dei aktuelle oppgåvene kan kompensere for utdanningskravet.
God økonomiforståing
Har gode evner til kommunikasjon, og kan uttrykkje seg godt skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk
Vi ser det som et føremon at søkjar har:
Erfaring innan eigedomsforvaltning
Erfaring innan kontraktarbeid
Erfaring med porteføljestyring
Kjennskap til offentleg regelverk
Erfaring frå utgreiingsarbeid
Erfaring med kjøp og sal av næringseigedom
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga og vil bli vektlagt:
Serviceinnstilt og god på kundehandtering
Systematisk og med evne til å sjå oppgåver i ein større samanheng
Arbeider målretta både sjølvstendig og i samarbeid med andre
Viser god gjennomførings- og beslutningsevne
Har driv til å utvikle deg gjennom varierte oppdrag
Ser digitale løysingar som ei moglegheit
Vi kan tilby:
Trivelege kollega med stor fagleg bredde
Samansette utfordringar i spennande portefølje midt i Bergen
Målretta arbeid for UiB med sine om lag 4000 tilsette og 19000 studentar
Heilskapleg læring i eigedomsavdelinga; vi investera, driftar, held ved like og avhender
Krav til effektive bygningar som til ein kvar tid skal bidra til framifrå forsking, utdanning, formidling og innovasjon
Vidareutvikling tilpassa dine ynskje og våre behov
Tilsetting i stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) i årsløn kr. 657 300 – 708 000 i det statlege lønsregulativet avhengig av kvalifikasjonar og bakgrunn. For særskild godt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare lønn
Medlemsskap i Statens Pensjonskasse med god pensjons- og forsikringsordning
Bustadlån til gunstige vilkår i Statens Pensjonskasse
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
Gode velferdsordningar som bedriftsidrettslag, bedriftshytter, kulturarrangement og bedriftsbarnehage
Her kan du lese om Eigedomsavdelinga som arbeidsplass.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Leier av gruppe for strategi- og arealstyring, Bjørn Tore Lavik, mobil 980 22 007, epost: bjorn.lavik@uib.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga