LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Bransjekoordinator (rådgjevar) ved Media City Bergen

Søknadsfrist: 08.08.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Rådgjevar

Ved Institutt for informasjons- og medievitskap er det ledig ei fast stilling som administrativ koordinator for Universitetet i Bergens aktivitet i Media City Bergen (MCB). Ei hovudoppgåve for stillinga er koordinering og ansvar for bransjekontakt og samarbeid knytt opp mot instituttets studieprogram i MCB og i medievitskap.

Institutt for informasjons- og medievitskap er eit tverrfagleg, forskingsintensivt fagmiljø med forskingsgrupper og studietilbod innan media og kommunikasjon, informasjonsvitskap, journalistikk, interaksjonsdesign, samt TV-produksjon og manusutvikling for seriar. Instituttet har for tida 38 faste vitskapelege stillingar og 28 ph.d.-kandidatar og postdoktorar. Om lag 1200 studentar er knytt til instituttets bachelor- og masterprogram.

MCB er ei internasjonalt leiande kunnskapsklynge innan felta medieproduksjon og medieteknologi. Her er instituttet samlokalisert med medieselskap som TV2, NRK og Bergens Tidende, samt ei rekke framståande medieteknologiselskap som Vizrt. Media City Bergen tilbyr eit internasjonalt miljø for innovasjon og kunnskapsutvikling innan mediefeltet i samspel mellom forsking, undervisning og bransje. Instituttet tilbyr seks bachelor- og masterprogram innan journalistikk, TV-produksjon, manusutvikling for seriar og medieteknologi i MCB, med omfattande samarbeid med bransjeaktørar. Instituttet har fasilitetar for TV- og medieproduksjon, blant anna studio og mobilt utstyr, samt laber for postproduksjon og lyd og teknologiutvikling. Instituttet leiar fleire forskings- og innovasjonsprosjekt, og er vertskap for Senter for undersøkande journalistikk (SUJO), og leder et Senter for forskingsdrevet innovasjon (MediaFutures), begge i Media City Bergen.

Arbeidsoppgåver:

  • Koordinering og utvikling av bransjerelasjonane knytt opp mot instituttets studieprogram. Ansvar for praksisplassar og utplassering for studieprogram i MCB og medievitskap.
  • Vidareutvikling og oppfølging av avtaler med bransjen ift undervisning, bachelor- og masteroppgåver, utplassering og rettigheiter.
  • Administrativ støtte for leiarane av studieprogramma i MCB. Andre relevante administrative oppgåver knytt til UiBs aktivitet i MCB.
  • Kontaktpunkt for studentar, praksislærare og timelærare i MCB
  • Planlegge og gjennomføre arrangement i samarbeid med UiBs utdanningar og mediebransjen

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Bachelorgrad i mediefag, journalistikk, informasjonsteknologi eller liknande. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Relevant, praktisk erfaring frå medie- og teknologibransjen
  • Nettverk og kunnskap om medie- og teknologibransjen
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og ha gjennomføringskraft vil bli vektlagd
  • God kunnskap i engelsk munnleg og skriftleg
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 62 – 65, for tida kr 563 900 – 594 300) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

For utfyllande opplysningar om stillinga kontakt:

  • Administrasjonssjef Espen Dahle på e-post: espen.dahle@uib.no

Søknad, CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk via «Søk stillinga».

Søknadsfristen er 8. august 2022, og søknaden skal merkast 22/8563.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS