Seniorrådgjevar (forskingsrådgjevar) - Det medisinske fakultet
Søknadsfrist: 19.09.2021
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorrådgjevar (forskingsrådgjevar)
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei stilling (100 %) som senior-/forskingsrådgjevar frå 01.10.2021.
Klinisk Institutt 2 er eit av dei største institutta ved Universitetet i Bergen, både med omsyn til talet på tilsette og budsjettomfang. Instituttet består av rundt 350 tilsette og vi forvaltar eit budsjett på over 200 millionar kroner. Instituttet er organisert i 21 forskingsgrupper og 17 undervisningsgrupper innretta mot forsking, innovasjon, undervisning og formidling innan ei rekkje laboratoriefag og kliniske fag. K2 har fire kjernefasilitetar (human genomikk, flowcytometri, metabolomikk og Forskingseining for folkehelseundersøkjingar) og mange sentre med spisskompetanse, inkludert fleire K.G. Jebsen sentre, Influensasenteret og Brogelmanns forskingslaboratorium, samt tilknytning til to sentre for framifrå forsking (NORMENT og CCBIO). Instituttet har som mål å auke den eksternfinansierte forskingsportefølja gjennom auka søknadsaktivitet.
Vi søkjer ein ny kollega til å handtere vår travle og spanande forskingaktivitet. Seniorrådgjevaren samarbeider tett med instituttleiinga, så vel som våre vitskaplege tilsette, Det medisinske fakultet og andre einingar ved Universitetet i Bergen. Som tilsett vil du jobbe i eit høgkompetent dynamisk fagmiljø med dyktige folk. Vi søkjer deg som trivst i eit travelt miljø, som samarbeider og kommuniserar godt med andre og som har høg gjennomføringsevne.
Arbeidsoppgåver:
Rådgjeving og bistand til institutt, forskingsgrupper og enkeltforskarar ved søknader om eksterne midlar, særleg til NFR og EU
Kartlegging av finansieringskjelder nasjonalt og internasjonalt
Motivere forskarar ved instituttet til å søkje eksterne prosjekt
Rådgjeving og rettleiing til unge og mindre erfarne forskarar
Delta i utvikling og etablering av rutiner i det forskingsadministrative feltet
Følgje opp strategien, handlingsplanar og evalueringar av forsking ved instituttet og Det medisinske fakultet
Tett samarbeid med leiing og fagmiljø på institutt og fakultet
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Vi søkjer ein person som har:
Relevant PhD-grad eller tilsvarande forskingsbakgrunn
Kunnskap om medisinske og naturvitskaplege forskingsmiljø
Erfaring med søknadsprosessar
Kunnskap om NFR og EU sine forskingsprogram
Framragande skriftleg og munnleg framstillingsevne i engelsk
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på eit skandinavisk språk er ein føremon
Evne til å motivere og styrkje samarbeid på tvers av fagområder
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Serviceinnstilling og fleksibilitet
Evne og vilje til raskt å setja seg inn i nye saksfelt, er kvalitetsbevisst og jobber strategisk og målretta innan fristar
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) i lønssteg 64 -73 (for tida kr 583 500 – 689 600). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.