LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Professor (75%) i kuratorpraksis

Søknadsfrist: 07.05.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Professor i kuratorpraksis

Ved Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst er det ledig ei stilling som professor (75%) i kuratorpraksis i seksårig åremål. Tilsetjing er ønska frå august 2021.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Vi søkjer ein person med spisskompetanse i kuratorpraksis, med ambisjonar om å utvide og teste grensene for kva kuratorisk praksis kan vere. Søkjarar må kunne dokumentere relevant kuratorisk og teoretisk kompetanse, og ha god forståing for historiske, estetiske, sosiale og politiske samanhengar i faget. Søkjaren må òg ha evne til å sjå faget i eit overordna/samfunnsrelevant perspektiv.

Initiering av samarbeid og kontakt med utdanningsinstitusjonar og andre relevante samarbeidspartnarar er viktige oppgåver. Det vert også forventa at den som vert tilsett bidreg med innspel for å styrke den faglege debatten ved Kunstakademiet, og til å profilere instituttet eksternt – m.a. gjennom å utvikle faglege nettverk lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Masterstudiet i kuratorpraksis er eit erfaringsbasert masterprogram. Studiet har eit omfang på 90 studiepoeng, er samlingsbasert og vert gjennomført på deltid over to år. Det vert normalt teke opp 10 studentar annakvart år. Utdanninga gjev ei grunnleggjande forståing for samtidskunsten og ulike diskursar knytt til den, med fokus på utstillinga og kuratoren sitt arbeidsfelt. Det er kuratorstudentane sine egne prosjekt som legg grunnlaget for undervisninga i programmet.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning og rettleiing.
  • Kunstnarleg utviklingsarbeid, prosjektutvikling/-leiing inkludert.
  • Hovudrettleiar for ph.d.-, MA- og BA-studentar.
  • Rekruttering av ph.d.-, MA- og BA-studentar.
  • Formidling.
  • Organisering og tilrettelegging av desse oppgåvene.
  • Administrative og faglege koordineringsoppgåver og andre styringsoppgåver.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Omfattande kunstnarleg verksemd på høgaste nivå etter internasjonal standard, og relevant bredde og fordjuping i faget eller disiplinen på høgaste nivå.
  • Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå Reglar for vurdering av utdanningsfagleg kompetanse ved UiB.
  • Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskapelege stillingar.

I tillegg vil det bli lagt vekt på:

  • Gode samarbeidsevner med vekt på dialog og inkluderande fagleg kommunikasjon.
  • Organisatoriske evner og erfaring.
  • Dokumentert evne til å skaffe eigne forskingsmidlar.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar.

Undervisningsspråket er skandinavisk eller engelsk. Det blir stilt krav om at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjing.

Den faglege kompetansen vil bli vurdert av ein sakkunnig komité. Dei best kvalifiserte søkarane vil bli kalla inn til intervju med ei intern intervjugruppe, og for å halde ei open prøveførelesning for instituttet sin stab og studentar.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø.
  • Stilling som professor (kode 1013) i lønnssteg 79 - 81 (for tida kr. 792.700 – 840.900 brutto i fulltidsstilling). For særleg kvalifiserte søkarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV.
  • Vitnemål og attestar.
  • Materiale som dokumenterer kunstnarleg forsking og kunstnarleg verksemd.
  • Dokumentasjon av undervisningserfaring og pedagogiske kvalifikasjonar (pedagogisk mappe, skjema til nedlasting/utfylling).

Søkaren må gjere greie for sine kvalifikasjonar knytt til dei forhold stillinga krev og vektlegg. Det er viktig at søkaren tydeleggjer sine betraktningar og beskriv sitt syn på fagfeltets posisjon og moglegheiter.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Frans Jacobi, tlf: 55 58 74 84, e-post: frans.jacobi@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS