LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Professor (100%) i skulptur / installasjon ved Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst

Søknadsfrist: 31.07.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Professor (100%) i skulptur/ installasjon ved Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst

Ved Kunstakademiet - Institutt for samtidskunst er det ledig ei stilling som professor (100 %) i fordjupingsområdet skulptur/installasjon.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Vi søkjer ein professor med omfattande kunstnarleg praksis på høgt internasjonalt nivå innafor skulptur/installasjon. Potensielle søkjarar må beherske forskjellige perspektiv på skulptur/installasjon og relaterte kunstnarlege praksisar, både tematisk og kunstnarleg. Vi ser etter søkjarar med kompetanse innafor støyping og støypeprosessar. Ytterlegare må eigen kunstpraksis og undervisning være basert på brei kunnskap om samtidskunst og tekniske aspekt i fagområdet skulptur.

Professoren skal, i nært samarbeid med kollegaer, utvikle profilen til dette fordjupingsområdet ved instituttet. Søkjarar skal drive kunstnarleg utviklingsarbeid innafor Kunstakademiet sine rammer, og innafor verkstadene knytt til instituttet. Søkjaren må kunne dokumentere erfaring med prosjektutvikling og eksternfinansiering.

Skulptur/installasjon er ein integrert del av det samla undervisningstilbodet ved Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst. Den som vert tilsett vil ha ansvar for undervisningsemne/kurs både for fagområdet og for instituttet sitt samla undervisningstilbod i samarbeid med kollegar på instituttet.

Den som tilsetjast må ha teoretisk forståing for fagområdet si plassering i samtidskunsten. Den nye professoren må kunne dokumentere refleksjon omkring kunstnarlege prosessar som kan takast inn i undervisninga. Søkjaren må ha erfaring i å rettleie på bachelor-, master- og ph.d.-nivå, og kunne rettleie studentar som arbeider innafor andre medium og uttrykksformer.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning og rettleiing
  • Ansvar for undervisning i spesialfelt
  • Kunstnarleg utviklingsarbeid, prosjektutvikling/-leiing inkludert
  • Hovudrettleiar for ph.d.-, MA- og BA-studentar
  • Rekruttering av ph.d.-, MA- og BA-studentar
  • Formidling
  • Organisering og tilrettelegging av desse oppgåvene
  • Administrative og faglege koordineringsoppgåver og andre styringsoppgåver

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Omfattande kunstnarleg verksemd på høgaste nivå etter internasjonal standard, og relevant bredde og fordjuping i faget eller disiplinen på høgaste nivå.

Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå Reglar for vurdering av utdanningsfagleg kompetanse ved UiB.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskapelege stillingar.

I tillegg vil det bli lagt vekt på:

  • Gode samarbeidsevner med vekt på dialog og inkluderande fagleg kommunikasjon
  • Organisatoriske evner og erfaring
  • Dokumentert erfaring med prosjektutvikling og prosjektleiing
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar

Undervisningsspråket er skandinavisk eller engelsk. Det blir stilt krav om at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjing.

Den faglege kompetansen vil bli vurdert av ein sakkunnig komité. Dei best kvalifiserte søkarane vil bli kalla inn til intervju med ei intern intervjugruppe, og for å halde ei open prøveførelesning for instituttet sin stab og studentar.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som professor (kode 1013) i lønssteg 79 - 81 (minumum 77) (for tida kr 814 900 - 864 500) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

Søkaren må gjere greie for sine kvalifikasjonar knytt til dei forhold stillinga krev og vektlegg. Det er viktig at søkaren tydeleggjer sine betraktningar og beskriv sitt syn på fagfeltets posisjon og moglegheiter.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Frans Jacobi, Frans.Jacobi@uib.no, tlf. nr. +47 55 58 74 88, mobilnummer + 45 27 11 17 15

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS