LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor i molekylærbiologi

Søknadsfrist: 22.03.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Computational Biology Unit, Institutt for informatikk ved Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som postdoktor i molekylærbiologi. Arbeidsstaden er Sars International Center for Marine Molecular Biology, som er partnar med EMBL - European Molecular Biology Laboratory. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år og er finansiert av Noregs Forskingsråd.

Om einingane

Sars senteret er ein EMBL partnar som utfører grunnleggande molekylær forsking om utvikling og evolusjon av marine dyr. Computational Biology Unit er eit leiande senter for bioinformatikk og driv forsking som spenner over både grunnleggande og anvende felt, og er organisatorisk plassert som ei undereining ved Institutt for informatikk. Meir informasjon om einingane er å finna nedst i annonseteksten.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Post-transkripsjonell regulering spelar ei viktig rolle for skjebnen til RNA (mRNA) og for å bestemma kor mykje protein som blir produsert. Denne reguleringa blir styrt ikkje berre av informasjon i sekvensen til mRNA, men også i post- og ko-transkripsjonelle modifikasjonar knytt til RNA. I dette prosjektet vil vi bruka tredje-generasjon long-read nanoporesekvensering for å undersøka rolla til desse RNA-modifikasjonene på skjebnen og reguleringa av mRNA. Kandidaten vil leia det eksperimentelle arbete og samarbeidde tett med utrekningsbiologar som skal utvikla metodar og analysera data

Alle tilsette vert forventa å bidra til framifrå forsking og undervisning av høg internasjonal kvalitet. Arbeidsplass for denne stillinga vil vere i forskingsgruppen leia av Eivind Valen, les meir her.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor molekylærbiologi eller anna relatert felt. Ph.d.-studentar kan søkje om disputas er gjennomført innan 1. juli 2021. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå high-throughput sequencing og nanopore sequencing er ein føremon. Erfaring frå RNA biology er ein føremon.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på, mellom anna det å kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. 10% av arbeidstida skal brukas på aktiviteter knytt til undervisning, formidling og kommunikasjon ved Institutt for informatikk. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Ved postdoktorstilling knytt til eksternt finansierte prosjekter, vil fullføring av planen for kvalifikasjonsarbeidet skje i dialog med prosjektleiar/senterleiar.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 60 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 4) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 535 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd doktorgrad. Doktorgraden må vere dokumentert med vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad, innan 01.07.2021.
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge innan 22. mars.

Generell informasjon:

Om Institutt for InformatikkDigitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom sju forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Alle gruppene har stor eksternfinansiering, blant anna frå Det europeiske forskingsrådet (ERC). Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. På grunn av den sentrale rolla som informatikk spelar i samfunnet, er instituttet i sterk vekst når det gjeld talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har i dag om lag 900 studentar, i overkant 150 tilsette, deriblant 35 førsteamanuensar og professorar og 50 stipendiatar. Vi har nyleg etablert Center for Data Science (CEDAS) som ei viktig utviding av aktivitetane våre innan forsking og utdanning. Instituttet huser også Computational Biology Unit (CBU).

Om Sars senteretSars senteret utfører grunnleggande forsking om utvikling og evolusjon av marine dyr ved hjelp av avanserte metodar for molekylær / celle / berekningsbiologi. Sars senteret er ein partnar av E.M.B.L. (European Molecular Biology Laboratory) og ligger i Bergen High Technology Center samen med fleire avdelingar ved Universitetet i Bergen. For tida har den 70 tilsette frå meir enn tjue land. - Les meir her.

Om Computational Biology UnitCBU er et leiande senter for bioinformatikkforsking som spenner over både grunnleggjande og anvendte felt. Senteret består av tverrfaglege forskingsgrupper som strekker seg over fleire avdelingar ved fakulteta matematikk og naturvitskap, så vel som medisin og odontologi. CBU utfører teoretisk og anvendt bioinformatikkforsking ved å utvikle nye metodar for å ta opp grunnleggande spørsmål innan livsvitenskap. Gjennom Institutt for informatikk tilbyr CBU bioinformatikk-programmer på bachelor-, master- og PhD-nivå. - Les meir her.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte førespurnader, ta kontakt med Lene Sørheim

Ansettelse er underlagt godkjenning i henhold til loven om eksportkontroll.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS