LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor i islamsk historie og kultur (MPrinT -prosjektet)

Søknadsfrist: 25.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap er det ledig ei treårig postdoktorstilling i islamsk historie og kultur, retta mot endringar i bruk av islamske tekster på Swahilikysten. Stillinga er del av prosjektet «[email protected]_AFRICA. Islamic Manuscript, Print and Practice: Textual adaptation in East Africa», finansiert av Norges Forskningsråd.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

MprinT-prosjektet (2021-2025) skal utforske ein sentral hypotese: Reformer innan islamske teksttradisjonar og rituell praksis på 1800- og 1900-talet fann stad innafor eksisterande autoritetsstrukturar og førte til ein serie av tilpassingar snarare enn brot. For å gjere dette vil prosjektet dokumentere, katalogisere og analysere islamske tekster frå perioden kring overgangen frå manuskript til trykk på kysten av Aust-Afrika (Swahilikysten). Vidare vil prosjektet undersøke korleis desse tekstene har blitt nytta i ritual og undervisning frå ca. 1950 til i dag, og korleis slik bruk varierer mellom ulike stader, mellom generasjonar og kjønn. Denne delen av prosjektet vil bli basert på intervju og studiar av rituelle praksisar.

Om postdoktorstillinga

  • Søkjaren er forventa å utføre sjølvstendig forsking innanfor MPrinT-prosjekts fokusområde.
  • Søkjaren er forventa å arbeide med det digitale materialet som vil bli produsert i prosjektet, og er forventa å ta del i innsamling, katalogisering og formidling av dette materialet i samarbeid med prosjektpartnarar i Aust-Afrika.
  • Det er forventa at søkjaren tar del i den generelle teoriutviklinga som er MPrinT-prosjektet sitt overordna mål.

Postdoktorstillinga har ein ramme på 3 år og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Den som blir tilsett må i samarbeid med instituttleiar utarbeide ein plan for dette kvalifiseringsarbeidet.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett, gjennomfører postdoktorprosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Tilsetjing i postdoktorstilling krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha norsk doktorgrad (ph.d.) eller tilsvarande innan eit fagområde som er relevant for prosjektet (Midtaustens eller afrikansk historie, islamstudiar, arabisk språk og litteratur eller tilgrensande fagområde). Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før søknadsfristen går ut. Søkjarar som ikkje har norsk doktorgrad, blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT).
  • Søkjarar må dokumentere kunnskap i arabisk språk og litteratur.
  • Søkjarar er forventa å ha erfaring med å skape, bruke og formatere digitalt materiale for bruk i forsking.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, også på feltarbeid, og ha gode samarbeidsevner.
  • Erfaring frå feltarbeid er ei føremon men ikkje ein føresetnad.

Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt både på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane.

Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane blir det lagt vekt på motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn tilsvarande lønssteg 61 (kode 1352/LR 24) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 553 100 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.

Søknaden skal innehalde:

  • Prosjektskisse (inntil 5 sider/12.000 teikn) som inkluderer ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga, og som utdjupar korleis postdoktorprosjektet vil passe inn i MPrinT-prosjektet. Prosjektskissa bør også innehalde refleksjonar rundt metodikk, gjennomføring og tilgang til data.
  • CV
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsavhandlinga.
  • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste)
  • Eit kort samandrag av doktorgradsavhandlinga (inntil 3 sider)
  • Skanna versjonar av originale karakterutskrift og vitnemål
  • Inntil 3 vitskaplege arbeid (kan inkludere avhandlingar, monografiar og artiklar) som det skal takast omsyn til i vurderinga
  • Relevante attestar/referansar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vedlegga kan vere i Word eller pdf-format.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga og ei full prosjektskisse kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: [email protected].

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS