Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Postdoktor i eksperimentell astropartikkelfysikk

Søknadsfrist: 16.09.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktor i eksperimentell astropartikkelfysikk

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ei ledig stilling som postdoktor innan eksperimentell astropartikkelfysikk. Stillinga er for en periode på 3 år og er knytt til prosjektet "Searching for Dark Matter with Light" finansiert av Noregs forskingsråd.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Målet med prosjektet er å bidra til søket etter Mørk Materie som skal utførast med Cherenkov Telescope Array (CTA). For dette føremålet vil postdoktorkandidaten vere medlem av CTA Consortium med særleg engasjement i arbeidsgruppa Dark Matter. Han / ho vil bidra til utarbeiding av dataanalysen og analyseprogramvara. Bidrag til in situ teleskopkalibrering er også forutsett. Kandidaten forventast å bidra med hjelp og rettleiing av studentar på bachelor-, master- og doktorgradsnivå.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor eksperimentell (astro)partikkelfysikk eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må ha gode programmeringsevner (C ++ og Python) og erfaring med dataanalyse og handtering av store datasett.
  • Kompetanse innan søk etter mørk materie og maskinlæring er ein stor føremon.
  • Erfaring med programvare for astropartikkelfysikk og teleskopkalibrering er ein føremon.
  • Evne til å jobbe sjølvstendig på ein strukturert måte er veldig viktig.
  • Kandidaten må ha evne til å samarbeide i eit internasjonalt team.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Kunnskap om det norske språket er ønskjeleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og 6 månader. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 60 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 4) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 532 300,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Dr. Julia I. Djuvsland, Institutt for fysikk og teknologi.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS