LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor i djuphavsøkologi og miljøforvalting

Søknadsfrist: 31.07.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Institutt for biovitskap er det ledig ei stilling som postdoktor i djuphavsøkologi og miljøforvalting. Stillinga er for ein åremålsperiode på to år og knytt til forskingsprosjektet Eco-Safe Ridge Mining, finansiert av Norges forskningsråd.

Tentativ startdato for stillinga er 1. oktober 2022.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Eco-Safe Ridge Mining er eit kompetanse- og samarbeidsprosjekt (KSP) mellom akademia og havindustrien, koordinert av Universitetet i Bergen. Prosjektet tek sikte på å fylle kunnskapshol, vurdere miljørisiko og identifisere passande, skadeavgrensande tiltak knytt til djupvassgruvedrift på den norske kontinentalsokkelen. Studieområdet er den arktiske midthavsryggen, der mineralførekomstar som inneheld verdifulle metall finst i same miljø som sårbare habitat som varmekjelder og svampegrunnar. Det er starta ein prosess med å opne for gruvedrift på havbotnen. Ei betre forståing av økosystem knytt til mineralførekomst på havbotnen er essensielt og rettidig, for at politiske avgjersler kan takast på opplyst og informert grunnlag.

Vi søkjer ein entusiastisk og dynamisk kandidat som vil ta ei aktiv rolle i ei rekke oppgåver innan Eco-Safe-prosjektet; frå deltaking på forskingstokt med ROV og andre undervassteknologiar, til dataanalyse og formidling av resultat. Stillinga gir høve til å drive spennande og viktig forsking, og samstundes utvikle eit tett nettverk til akademia, industri og andre sektorar, både i Noreg og internasjonalt.

Særskilde ansvarsområde inkluderer

  • innsamling, utvinning og analyse av biologiske data frå havbotnen
  • vurdering av bentiske naturtypar knytt til mineralførekomstar på havbotnen
  • planlegging av, og deltaking i, forskingstokt til den arktiske midthavsryggen
  • kompletterande samarbeid med forskarteamet i Eco-Safe i vurderinga av miljørisiko ved gruvedrift på havbotnen
  • høve for medrettleiing av masterstudentar knytt til Eco-Safe
  • skriving av vitskapelege artiklar som ein del av Eco-Safe-teamet
  • kommunikasjon med akademiske partnarar og eit bredt spekter av interessentar, inkludert den marine industrien, offentlege etatar, frivillige organisasjonar og allmenta

Stillinga er knytt til Eco-Safe, men det vil vere høve til å engasjere seg i andre tilhøyrande prosjekt. Utvikling av ny forsking i tråd med interessene til søkjaren oppmuntrast.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning i marinbiologi, marin økologi eller anna relatert fagområde, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå djuphavsbiologi og havbotnavbilding, i tillegg til god kunnskap om marin samfunnsøkologi i den arktiske regionen, er ein stor føremon.
  • Erfaring frå forskingstokt og bruk av ROV/AUV er ein stor føremon.
  • Erfaring med å gjennomføre miljørisikovurdering av marine aktivitetar er ein føremon.
  • Ei merittliste innan vitskapeleg publisering som passar for karrierestadiet er ein føremon.
  • Erfaring med å formidle resultat utover fagmiljøet er ein føremon.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner

I vurderinga av kandidatane vil personlege og relasjonelle eigenskapar, sjølvstende og relevant forskingserfaring bli vektlagt. Ambisjonar, som vist i motivasjonsbrevet og i intervju, vil telle ved evaluering av kandidatane. Det forventast ei merittliste som dokumenterer høg grad av framtidig potensial og ei stigande utvikling.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 2 år og 3 månader. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Dei ekstra månadene vert finansierte av instituttet. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. I samsvar med Forskingsrådet sine reglar, kan heller ingen tilsetjast fleire gonger i NFR-finansierte postdoktorstillingar.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Norges forskningsråd har i dag ei finansieringsordning som gir midlar i inntil eitt ekstra år, forutsett at ein dreg på utanlandsopphald og det er minst tre månader att av åremålsperioden ved retur til Noreg. Det oppmuntrast til å nytte dette høvet. Eit eventuelt utanlandsopphald planleggast saman med prosjektgruppa.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 62 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 6) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 573 900 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Prosjektleiar Dr. Pedro Ribeiro, e-post: Pedro.Ribeiro@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS