LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor knyttet til GOVMAT-prosjektet

Søknadsfrist: 11.04.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Velkomen som søkjar til ei ledig postdoktorstilling i GOVMAT-prosjektet ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap med oppstart 1. august 2023 eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år.

Stillinga vil vere knytt til faggruppa i religionsvitskap og det tverrfaglege forskingsprosjektet The Governmateriality of Indigenous Religions (GOVMAT) som er støtta av Forskingsrådets FRIPRO-program. GOVMAT-prosjektet inneber tett samarbeid mellom forskarar frå fleire land. Felles forskingsspørsmål dreier seg om korleis konkrete eksempel på indigenitetar og religionar eller religiøsitetar tek fysisk form og bidreg til styring av bestemte relasjonar eller situasjonar. Casestudiar frå ulike stader og tider, basert på forskjellige kvalitative metodar, og merksemd retta særleg mot materielle konfigurasjonar sine verknader, gir nye innsikter i komplekse prosessar. I somme samanhengar kan framstillingar av indigenitet og religion eller religiøsitet gi særskilde rettar og vern, men under andre omstende kan liknande manifestasjonar medføre diskriminering og vald. GOVMAT undersøker forsiktig slike lagnadsfulle, materielle, religio-politiske hendingar på både mikro- og makronivå.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga har ein ramme på fire år, og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Den som blir tilsett må utarbeide ein plan for dette kvalifiseringsarbeidet i samråd med instituttet. 25 prosent av tida er pliktarbeid, som først og fremst omfattar undervisning, men òg andre oppgåver som administrasjon med meir. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med instituttet ved tilsetjing. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett, gjennomfører postdoktorprosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Postdoktorprosjektet til søkjaren skal vere ein casestudie som er eigna til å kaste lys over dei overordna spørsmåla i GOVMAT-prosjektet, gjerne frå eit kryssingsfelt mellom etnografi og urfolkshistorie, kristendomshistorie, kolonihistorie og vitskapshistorie. Casestudien skal ta utgangspunkt i spesifikke hendingar og gjenstandar eller samanstillingar som førekjem i vår samtid eller historisk så langt tilbake som tidleg nytid, helst i Mellom-Amerika eller Skandinavia, men casestudiar frå andre delar av verda kan bli vurderte dersom dei er særleg relevante for GOVMAT og faggruppa i religionsvitskap ved UiB. Postdoktorprosjektet må bidra vesentleg til utforskinga av konsept, metodar og teoretiske perspektiv som er delte i GOVMAT-prosjektet. Den som blir tilsett skal dessutan delta i mange felles prosjektaktivitetar og vil få ansvar for å organisere visse delar av forskingssamarbeidet internt i GOVMAT. Kontakt gjerne prosjektleiar for meir informasjon om rammer, forventingar og moglegheiter.

Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Tilsetjing i postdoktorstilling krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha norsk doktorgrad (ph.d.) eller tilsvarande utanlandsk grad innan religionsvitskap eller eit tilgrensande fag som antropologi, historie, kulturvitskap, kunsthistorie, museologi, urfolksstudiar eller teknologi- og vitskapsstudiar. Doktoravhandlinga må vere levert før søknadsfristen er ute, og oppnådd doktorgrad er eit vilkår for tilsetjing.
  • Søkjaren må leggje fram ei prosjektskisse til ein casestudie innanfor rammene av det større GOVMAT-prosjektet, med framdriftsplan for hovudaktivitetane i postdoktorprosjektet. I tillegg må søknaden innehalde ein plan for publisering av forskingsresultata i internasjonale, anerkjende kanalar.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må beherske engelsk og andre relevante språk for postdoktorprosjektet.

Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt både på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane og framdriftsplanen for prosjektet.

Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane, vil det bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er, særleg med tanke på bidrag til samarbeid og felles aktivitetar i GOVMAT og på instituttet.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn tilsvarande lønnssteg 62 (kode 1352/Kort lønnsstige) for tiden ei årslønn på kr 573 500 brutto. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • Medlemskap i Statens pensjonskassestilling.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • Prosjektskisse for postdoktorprosjektet (inntil fem sider/12 000 teikn, bibliografi ikkje medrekna).
  • Framdriftsplan for prosjektet og ein plan for publisering i internasjonalt anerkjende kanalar.
  • Litteraturliste for prosjektskissa.
  • Fullstendig liste over alle vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
  • Inntil fem vitskaplege arbeid (kan inkludere avhandlingar, monografiar og artiklar) som vil bli særleg vektlagde i vurderinga av akademiske kvalifikasjonar.
  • Ei kort oppsummering av doktoravhandlinga (inntil tre sider).
  • CV.
  • Vitnemål og karakterutskrifter som dokumenterer fullført bachelor- og mastergrad, og som viser at doktoravhandlinga er levert inn.
  • Relevante attestar og stadfestingar.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktoravhandlinga

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Teemu Ryymin, Teemu.Ryymin@uib.no, tlf. 55 58 38 79, eller
  • Prosjektleiar for GOVMAT og fagkoordinator for religionsvitskap Bjørn Ola Tafjord, Bjorn.Tafjord@uib.no, tlf. 55 58 22 93

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: fakadm@hf.uib.no.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Dei best kvalifiserte søkjarane blir kalla inn til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

UiB-ID: 23/2985

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS