Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Postdoktor i lingvistikk (psykolingvistikk) ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Velkomen som søkjar til ei ledig postdoktorstilling i lingvistikk ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) med oppstart 1.september eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år og er knytt til forskinga på instituttet innan eksperimentell psykolingvistikk.
Om instituttet:
LLE har kring 80 vitskapleg tilsette, 17 administrativt tilsette, rundt 40 ph.d.-kandidatar og sju postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, språkvitskap og teatervitskap.
Om psykolingvistikkforskinga ved LLE
Psykolingvistikkforskinga ved LLE har fokusert på språkprosessering, nærmare bestemt eksperimentelle metodar, for eksempel tverrspråkleg priming, GMaze, self-paced lesing, sporing av augerørsler, leksikalsk avgjerd, og i tillegg semantiske og pragmatiske eksperiment, interaksjonar mellom syn og språk, men også neuroestetikk. Forskinga har hovudsakleg involvert germanske språk (f.eks. norsk og engelsk), men også språk brukt i studentgruppa (t.d. spansk, russisk, ukrainsk, mandarin) og teiknspråk. Eksperiment har også involvert tverrspråkleg priming mellom første- og andrespråk, med planar om å inkludere longitudinell utvikling hos andrespråksinnlærarar.
Søkjarar må føreslå eit postdoktorprosjekt innan eksperimentell psykolingvistikk og levere ein prosjektomtale (sjå fleire detaljar under “Slik søkjer du stillinga”).
Om postdoktorstillinga
Søkjaren er forventa å utføre sjølvstendig forsking innanfor psykolingvistikk.
Søkjaren er forventa å arbeide i lingvistikklaboratoriet og støtte tilsette og studentar med eksperimentdesign, labdrift og analyse.
Postdoktorstillinga har ein ramme på fire år, og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Den som blir tilsett må utarbeide ein plan for dette kvalifiseringsarbeidet i samråd med instituttet. 25 prosent av tida er pliktarbeid, som først og fremst omfattar undervisning, men òg andre oppgåver som administrasjon med meir. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med instituttet ved tilsetjing
Det er ein føresetnad at den som blir tilsett, gjennomfører postdoktorprosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Tilsetjing i postdoktorstilling krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha norsk doktorgrad (ph.d.) eller tilsvarande utanlandsk grad innan (psyko)lingvistikk, kognisjonsvitskap, eksperimentell psykologi eller relaterte fagfelt. Doktoravhandlinga må vere levert før søknadsfristen er ute, og oppnådd doktorgrad er eit vilkår for tilsetjing.
Søkjarar er forventa å dokumentere erfaring med psykolingvistisk forsking.
Solid bakgrunn i statistiske metodar (f.eks. regresjonsanalyse, bayesiansk statistikk, osv.) og eksperimentdesign er ein føremon.
Gode kunnskapar i programmering (f.eks. R) og datamodellering er ein føremon.
Dokumentert erfaring med eksperiment om reaksjonstid eller augerørsler er ein føremon.
Søkjarar med forskingsprofil og tema som passer i faggruppa sin ekspertise har føremon.
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Søkjarar må beherske engelsk.
Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt både på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane og framdriftsplanen for prosjektet.
Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane, vil det bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
Løn tilsvarande lønnssteg 62 (kode 1352/Kort lønnsstige) for tiden ei årslønn på kr 573 500 brutto. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
Medlemskap i Statens pensjonskassestilling.
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
Gode velferdsordningar.
Slik søkjer du stillinga:
Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.
Søknaden skal innehalde:
Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
Prosjektskisse for postdoktorprosjektet (inntil fem sider/12 000 teikn, bibliografi ikkje medrekna).
Framdriftsplan for prosjektet og ein plan for publisering i internasjonalt anerkjende kanalar.
Litteraturliste for prosjektskissa.
Fullstendig liste over alle vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
Inntil fem vitskaplege arbeid (kan inkludere avhandlingar, monografiar og artiklar) som vil bli særleg vektlagde i vurderinga av akademiske kvalifikasjonar.
Ei kort oppsummering av doktoravhandlinga (inntil tre sider).
CV.
Vitnemål og karakterutskrifter som dokumenterer fullført bachelor- og mastergrad, og som viser at doktoravhandlinga er levert inn.
Relevante attestar og stadfestingar.
Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktoravhandlinga
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Professor Christer Johansson, [email protected], tlf. 55 58 22 62 eller
Instituttleiar Anders Fagerjord, [email protected], tlf. 55 58 36 53
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Dei best kvalifiserte søkjarane blir kalla inn til intervju.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.