LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor (100%) i musikkterapi

Søknadsfrist: 17.04.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling

Ved Griegakademiet – Institutt for musikk er det ledig stilling som postdoktor (100 %) knytt til prosjekta Sounding Relation og IMAGINE innan fagområdet musikkterapi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med ønska oppstart 01.08.2023

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Den som vert tilsett i stillinga blir knytt til prosjektet «Sounding Relation: Use of Music Microanalysis to Explore Parental Contributions to Premature Infant Regulation in the Neonatal Context», finansiert av Norges forskningsråd. Hovudmål med prosjektet er å bruke tverrfaglege perspektiv og musikalsk mikroanalyse for å utforske korleis foreldre til premature barn bidreg til sjølvregulering når dei skaper musikalsk samspel i møte med barnet sitt på nyfødtintensivavdelinga. I tillegg blir kandidaten knytt til prosjektet «IMAGINE – re-thinking care at the end of life from interdisciplinary and participatory perspectives». Prosjektet forstår omsorg som økologisk praksis og tar i bruk musikk og andre kreative medium i deltakande verkstader for å skape dialog mellom deltakarane og identifisere relevante forskingsspørsmål knytt til omsorg ved slutten av livet. Som ein heilskap utforskar dei to prosjekta musikk frå ulike perspektiv innan humaniora.

Postdoktoren vil med sitt prosjekt skape ei teoretisk bru mellom desse to prosjekta gjennom eit sosioøkologisk perspektiv som vektlegg musikk som ein helsefremmande og humaniserande ressurs innanfor medisinske kontekster frå for tidleg fødsel til livets slutt. Kandidaten vil gi eit sjølvstendig bidrag til desse prosjekta ved å utforske korleis tverrfaglege og deltakande samarbeid utvidar vår forståing av kva rolle musikk og estetisk erfaring spelar i ulike delar av helsetenesta. Innan Sounding Relation vil kandidaten få ansvar for å følgje opp tverrfaglege perspektiv, og for å utvikle konkrete planer for korleis kunnskap frå prosjektet kan brukast til å generere retningslinjer for praksis på ulike nivå i helsetenesta. Kandidaten vil vere involvert i utval og fortolking av datamateriale saman med stipendiat som vert tilsett i prosjektet Sounding Relation. I IMAGINE vil kandidaten få ansvar for å dokumentere, evaluere og utforme konkrete anbefalingar som kjem fram i dei deltakande verkstadane. Videre vil kandidaten bidra til utvikling av en forskingssøknad som tar sikte på å implementere anbefalingane som del av omsorgspraksis ved livets slutt.

En mindre del av postdoktoren si tid vil bli dedikert til arbeid knytt til instituttet, som undervisning i det 5-årige integrerte masterprogrammet i musikkterapi, administrativt og/eller redaksjonelt arbeid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad innan musikkterapi eller tilsvarande utdanning, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå, og god forståing av tverrfagleg samarbeid og arbeid med pårørande/familiar er eit krav.
  • Erfaring frå arbeid innafor pediatri og/eller med småbarns foreldre, og/eller innan palliativ omsorg er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig på ein strukturert måte, men også kunne samarbeide med andre som ein del av ei integrert gruppe, med evne og entusiasme til å arbeide på ein interkulturell og tverrfagleg måte.
  • Du må ha gode kunnskapar i både norsk (eller eit anna skandinavisk språk) og engelsk, så vel munnleg som skriftleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er tre år. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Ved postdoktorstilling knytt til eksternt finansierte prosjekter, vil fullføring av planen for kvalifikasjonsarbeidet skje i dialog med prosjektleiar. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Tilsetjing i postdoktorstilling krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø.
  • Årsløn tilsvarande 573 500 kr. brutto per år før skatt (stillingskode 1352 i det statlege lønsregulativet). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGA» på denne sida.

Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet, og søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Ei kort oversikt over søkaren sine eigenskapar som er relevante for stillinga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, og vitnemål for doktorgraden eller stadfesting av at doktorgradsavhandlinga er levert.
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar
  • Eit kort samandrag av doktorgradsavhandlinga (inntil tre sider), som forklarer korleis det tek omsyn til den kunngjorde stillinga.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Randi Rolvsjord tlf. +47 97514878, e-post:randi.rolvsjord@uib.no eller
  • Prosjektleiar, Professor Claire Ghetti tel. +47 46508095, e-post:claire.ghetti@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGA

Powered by Labrador CMS