LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Ph.d.-stilling i landismodellering

Søknadsfrist: 09.01.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Institutt for geovitenskap og Bjerknes Centre for Climate Research er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i landismodellering og havnivå-rekonstruksjon. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år, støtta av Forskingsrådet, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Planlagt startdato er 1. mars 2022 eller tidlegast mogleg.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Kunnskapen vår knytt til havnivåendringar på middels og lang sikt avhenger i stor grad av modellering av isdekker. Framsteg innan dette feltet har to store utfordringar: 1) Mangelen på eit rammeverk for modellevaluering som inkluderer observasjonar frå isdekkets indre og 2) usikkerheit knytt til klimaet som forårsaka tidlegare variasjonar i isvolum. Fleire tiår med iskjerneforsking og nye luftborne radardata gir oss ein veldig detaljert oversikt over dei indre lagane av Grønlandsisen, som innehelder svar på begge disse spørsmåla. Likevel eksisterer det foreløpig ikkje robuste metodar for å føye saman disse empiriske dataa og numerisk modellering.

Det overordna målet med SINERGIS-prosjektet er å utvikle ei slik modell. Løysningen er ein eksplisitt representasjon av individuelle lag med akkumulering og korleis dei beveger seg gjennom isen i tid (Born & Robinson, 2021). Dette mogleggjer ein grundig evaluering og kalibrering av isbremodellar ved hjelp av iskjernar og georadar, og å forberede vurderinga av tidlegare og framtidig havnivå. Utviklinga vil hovudsakeleg skje i arbeidsgruppa vår ved Universitetet i Bergen, men også i samarbeid med ei internasjonal ekspertgruppe. Blant dei viktigaste resultata er ei ny metode for modellevaluering og referansesimuleringar som kan brukast av mange modeller.

Søkjaren vil bruke vår nye modell for å utvikle eit assimileringsskjema for georadardata. Blant nøkkelresultata vil vere ein rekonstruksjon av tidlegare akkumuleringsratar som er fullstendig uavhengig av svært usikre simuleringar av fortidsklimaet. Dette arbeidet inneberer tett samarbeid med to postdoktorar i same prosjekt og med internasjonale partnarar i Spania, Canada, Japan og USA. Midlar til kortvarige forskingsopphald og internasjonale workshops i Bergen er tilgjengeleg. Vi har også tilgang til toppmoderne infrastruktur for superdatabehandling.

Born & Robinson, 2021, Modeling the Greenland englacial stratigraphy, doi: 10.5194/tc-15-4539-2021

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i glasiologi, fysikk, anvendt matematikk, meteorologi eller nærliggande fagfelt, og ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Dokumentert interesse for modellering av klima eller isdekker, eller tidlegare erfaring med invers modellering er ein føremon.
  • Tidlegare erfaring med vitskapeleg programmering i FORTRAN, Python, Matlab eller liknande er ein føremon.
  • Prosjektet krev gode kommunikasjonsevner og koordinering innan gruppa vår i Bergen og opp mot ei i internasjonal gruppe samarbeidspartnarar.
  • Vi setter pris på uavhengigheit og proaktiv problemløysing.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande

Om stillinga som ph.d.-stipendiat

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 491 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål,
  • relevante attestar
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak
  • tilph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Andreas Born (andreas.born@uib.no)

Ansettelse er underlagt godkjenning i henhold til loven om eksportkontroll.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS